Sidan 2004 har Kjetil Grodås lagt bak seg 1364 live spelejobbar.

Då Kjetil Grodås (42) var liten, fekk han ei julegåve som skulle forandre livet hans

Ikkje lenge etter såg han eit opptak av Elton John i Central Park, og tenkte at «det der vil eg også gjere ein gong». Om tre veker går Grodås på scenen i Volda Campus Arena.

Publisert Sist oppdatert

– Det er det same som når ein får ei fotballdrakt. Då følger ein det laget for resten av livet. Eg fekk eit stereoanlegg. På leit etter noko å sette inn i spelaren, fann eg ein Elton John-kassett.

Ifølge Grodås «låg den berre der», og det var grunnen til at den blei spelt først.

– Eg er så gamal at eg levde før CD-spelaren. Men da den kom, fekk eg den blå dobbelplata «The best of Elton John» på slutten av 80-talet.

I dag har Grodås 1364 live spelejobbar bak seg. Kor mykje tid han har brukt på å imitere den store stjerna er uvisst, men med så mangt anna, er det tydeleg at det ikkje er snakk om få timar.

Nok å halde fingrane i

No er Grodås småbarnspappa til to gutar, og eig bensinstasjonen på Grodås. Tidlegare har han vore fotballspelar for Vålerenga, og anslår at han hadde mellom 600 og 1000 treningstimar i året. Han har utdanna seg til helikopterpilot, og flytta til USA for å få instruktørpapira i orden. Musikaren er oppteken av å legge sjela si i det han gjer.

Den første Elton John-konserten han gjorde med band, var i mai 2004. I to år spelte dei jamnleg, før Grodås flytta for å gå på helikopterskole.

– Det blei mykje Elton John i leilegheita for meg sjølv der borte, men eg gjorde ingen livejobbar. Berre litt pianobar når eg var heime i jula.

Han synest det er viktig å skilje det å vere Elton John-imitator og spelejobbane i pianobaren.

Grodås fortel at alt, både av sangkunnskap og piano, er sjølvlært.

– Når du set deg ned i ein pianobar skal halvparten til stades vidare på fest. Dei bryr seg katten om kven som sit bak pianoet. I eit kulturhus spelar ein for folk som er der fordi dei har lyst til å høre på deg. Eg har alltid vore opptatt av å separere desse jobbane.

Oppveksten har satt sitt preg på musikksmaken

– Kva spelar du når du ikkje spelar Elton John?

– Det er så mangt. Eg vaks opp på 80-talet, da det blei laga mykje god musikk.

Han seier han er tilhengar av det som er meir krevjande, og at TOTO er fint både å spele og høyre på i bilen.

– Før i tida jobba ein 15-timers dagar i studio i vekevis og månadsvis for å produsere eit album. I dag sit ein på guterommet med ein PC, og lager eit album på fire timar.

– Det har ikkje noko med at ein har blitt flinkare i dag å gjere, heller tvert om. Folk har blitt altetande når det kjem til musikk.

– Vi vil aldri oppleve ein som Elton John igjen.

Kjetil Grodås forbreder seg til Elton John tribute-konsert / NÆRSYNET

– Eg er ikkje redd for nokon ting

– Har du møtt Elton John?

– Nei, det har eg ikkje. Eg kunne møte han, men det blei rett og slett til at eg ikkje gjorde det. Han var i Norge, men skulle fly tilbake til England same dag. Viss eg først skal møte han, vil eg prate med han, ikkje berre seie hei.

Grodås seier at han «ikkje er typen som har behov for å møte sånne folk». Han legg til at han har høyrt via folk i bransjen at Elton John er ganske spesiell.

«Your Song», som han verkeleg slo gjennom med, sjølv om eg har spelt den ti tusen gongar er det framleis ting som ein ikkje har klart å fange opp

– Dei seier at dei anbefaler å helst ikkje treffe han, for det kan hende at eg får eit anna inntrykk viss eg gjer det. Det var vel litt av grunnen også.

– Er du redd for at det skal endre synet ditt på han?

– Eg er ikkje redd for nokon ting. Grodås trekk på smilebandet, før han held fram: Men eg tenkte at det ikkje var noko poeng. Sånn er det.

Sjølv om dei ikkje har handhelst, har Grodås sett den store helten live mange gongar i Norge, både på Koengen og i Spektrum, men det beste minnet tar han med seg heim frå utlandet.

12 000 kroner i tips

– Ein gong var eg på Elton John konsert i University of Florida Arena. Der borte er det ei heilt anna atmosfære på konsertane. I USA er ein ei stjerne når ein går på scena. Folk sto i stolane heile konserten, og var veldig entusiastiske.

Grodås synest at det er meir jantelov-stemning, og «kven-trur-du-at-du-er» haldning på norske konsertar. Likevel har Elton John konsertane han har spelt stort sett gått veldig bra, og gitt god stemning.

Ein gong fekk han 12 000 kroner i tips etter ein pianobar-jobb. Då spelte han til dømes Jerry Lee Lewis med rumpa.

Men ikkje alt har gått på skinner.

– Vi hadde ein konsert i Førde der flyet til bassisten blei forsinka. Det var krisestemning ei stund, men publikum var tålmodige.

– Ingen presterer hundre prosent hele tida, men vi får håpe vi får til å prestere hundre prosent i Volda, det er i alle fall målet, seier Grodås.

Ein anna gong spelte Kjetil Grodås & The Mansfield Band på bluesfestivalen på Notodden. Bandet før dei spelte mykje lenger enn dei skulle. Når det var Grodås sin tur, og dei hadde spart dei største slagarane til slutt, blei dei bedne om å gå av scenen for å ikkje sinke programmet meir.

– Eg har aldri vore så forbanna nokon gang! Og det trur eg heile Notodden var klar over!

Grodås har vore i Nebraska i USA med bandet to gangar på spelejobb. Begge gongane mista karane bagasjen.

Mista originale Elton John briller

– Den første gongen kom bagasjen nokre tima før showstart. Den andre gongen måtte eg spele konsert i dongeribukse og t-skjorte. Det er kanskje det verste eg har vore med på.

I den blå Helly Hansen baggen låg blant anna eit par originale Elton John-briller.

– Det var trassig der og då å miste dei, men det nyttar ikkje å dvele over spilt mjølk.

Men det kjipaste var ikkje å miste tinga sine.

– Det kosta ganske mange hundre tusen for dei som leigde oss inn, å fly oss frå Norge, huse oss og sette i gang produksjon. Scena var voldsamt stor. Ein skulle nesten tru dei venta Elton John sjølv.

Når ein da kjem dit, og prikken over i’en er borte, kjennes det ikkje bra, seier Grodås.

Grodås seier at det er umogleg å vere ein tru kopi av artisten han imiterer, men liker å tru han komer ganske nærme.

Han fortel at for å spele bra er førebering alfa omega. Med ein slik start på USA-turen la det ein dempar på konsertopplevinga.

– Eg synes ikkje at eg presterte særlig bra, ei heller bandet. Det var veldig surt.

Suksessoppskrifta

Meir vellykka blei det den andre gongen bandet spelte i Nebraska. Ein Grodås blei kjent med på helikopterskulen eigde på den tida Midwest Medical. Dei hadde eit årleg arrangement, kor blant anna SWAT og FBI-agentar var blant publikum, då bandet frå Honndalen spelte.

– Kva eigenskapar har du, som har gjort at du har lykkast?

– Eg er hardtarbeidande. Så er eg oppteken av litt perfeksjonisme. Elton John er ein artist det er umogleg å kopiere hundre prosent, men eg meiner vi har lagt lista ganske høgt. Alle tilbakemeldingane seier det og, og ein merker at det trollbind publikum litt.

Til neste år skal Grodås på turne på Sørlandet og Østlandet. Per no er det allereie booka 17 kulturhus.

– Så du nølte ikkje med å takke ja når du blei spurt om å spele i Volda Campus Arena?

– Eg takka ikkje ja.

Utfordring? – «Det er jaggu meg greit»

– Korleis gjekk det til då?

– Odd Kåre Fløtre, frå Volda, utfordra meg i eit kommentarfelt på Facebook til å gjere Elton John-konsert i Volda. Han skulle være «lempis» til gjengjeld. Då tenkte eg at «det er jaggu meg greit» . Så sånn ble det. Eg blei aldri spurt, eg blei utfordra.

– Å drive med musikk er som å drive med idrett – den mest undervurderte form for trening er kvile, seier Kjetil Grodås.

Grodås gledar seg til å spele i Volda Campus Arena 6. november. Alle inntektene går til lokal idrett. Blir arrangementet utselt, går Grodås på scenen framfor 1800 publikummarar.

Han fortel at sist gong bandet framførte Elton John ilag er over to år sidan.

Skal dei ta igjen prestasjonen til Elton, kan dei ikkje ligge på latsida.

– Mannen er fødd i 47' og held på framleis!

– Ser du føre deg å halde på like lenge?

– Musikk blir ein aldri for gamal til, men det er nokon fysiologiske utfordringar når ein blir eldre. Stemmeregisteret vil svekke seg betydeleg med alderen. Elton John har sjølv lagt ned nokre toneartar på enkelte melodiar, fordi han ikkje klarer å ta dei lenger.

Han meiner det er på tide å gi seg dersom ein kjem dit at det går utover kvaliteten på musikken.

– Første gong ein gjekk på scena haldt ein på å pisse i buksa for ein var så nervøs, så lærer ein at viss det er ein feil eller to i løpet av ein konsert så er det bare sjarmerande. Det tyder på at det ikkje er noko playback. Men den dagen, til dømes når eg skal på i Campus, at det ikkje kriblar i beina – då sluttar eg.

Powered by Labrador CMS