Pia Notøy (21) frå Fosnavåg har fått eit stort publikum på TikTok og andre sosiale medium.

Dansar for 649 900 følgarar på TikTok

- Det er eigentleg litt overveldande, fortel Pia Notøy (21) frå Fosnavåg.

Publisert Sist oppdatert

HERØY/FOSNAVÅG: Du er sikkert ikkje den einaste som har blitt fanga av den evige straumen av kortsnuttar på appen TikTok. I løpet av den tida du har scrolla med tommelen er det ikkje usannsynleg at du har kome over ein av videoane til Pia Notøy.

TikTok

TikTok er for tida den mest populære kanalen for korte filmsnuttar. TikTok er ein kreativ app der kvar enkelt kan lage ein video der dei mimar og dansar til kjente poplåter og lagar sketsjer med kvardagshumor.

Kjelde: ice.no

Eit stort publikum

Pia Notøy har har i løpet av eit år sanka inn 649 900 følgarar og totalt 9,2 millionar likes på TikTok. Notøy er oppvokst i Fosnavåg og ho starta å legge ut videoar på TikTok tidleg i 2021. I dag studerar ho PR og kommunikasjon i Oslo.

Ho har lagt ut for det meste dansevideoar. Etter det har ho fått seg eit stort publikum frå ulike nasjonar. Blant desse er dei fleste av sjåarane frå USA og deretter Mexico, Tyskland og Noreg.

Notøy fortel at dette er fint.

– Det er veldig hyggeleg fordi eg merkar at folk blir glade av å følge med og at eg gjer ein forskjell for somme. Det er det som motiverer meg, fortel Notøy

I tillegg har det store følgartalet opna for diverse moglegheiter. Notøy blir blant anna tilbydd merkevareavtalar. Vidare held ho på med ei signering med eit agentbyrå.

Pia legg også vekt på at det til tider kan vere overveldande med auge frå alle kantar.

Det er heile tida så mykje tilbakemeldingar frå vidt forskjellege menneske. Eg får kommentarar på TikTok og direktemeldingar på Instagram. Og eg strøymer på Twitch og då kjem folk direkte inn og sei ting.

Pia Notøy

Hadde ein strategi

På ein så stor plattform som TikTok med fleire millionar brukarar er det vanskeleg å skille seg ut, men her hadde Notøy ein velykka strategi.

– Eg gjorde den samme greia i kanskje 30 dagar. Eg trur det var det som kickstarta det at eg hadde ein strategi, men målet var ikkje å få mange følgarar. Det var berre for gøy, seier Pia

Heller mot gaming

På TikTok har Pia Notøy delt si 17 år gamle interesse for dansing, men no er ho usikker på vegen vidare.

– Eg veit ikkje kva eg vil gjere. Skal eg fortsette å danse eller skal eg byrje med noko anna, spør Pia seg sjølv.

Pia fortel at ho heller mot å lage innhald om speling og gaming. Ho spelar spel som League of Legends, Valorant og Minecraft. I tillegg strøymer ho direkte på tenesta Twitch når ho spelar. Ho presiserer at gaming er ei rute ho vil gjerne følge vidare i framtida.

– Gaming er retta mot mi målgruppe og følgarane mine.

Twitch

Twitch er ei teneste som gjer det mogleg å strøyme direkte. Det er ei plattform for innholdsleverandørar som gjer slik at ein kan dele ting ein likar med et fellesskap på millionar.

Kjelde: twitch.tv

Legg igjen tips til andre

Etter at Pia har oppnådd store tal, har ho gjort seg opp nye erfaringar. Ho seier at dersom ein skal nå ut til eit stort publikum er det viktig ikkje bry seg om kva andre tenker.

I tillegg er det viktig å legge ut regelmessig.

– Når eg var på mitt største på TikTok la eg ut videoar to til tre gongar for dagen. Ein tidlegare og ein seinar,e fordi då treffer ein forskjellege menneske. Då får du flyt på brukararen din, fortel Pia

Nedanfor ser du ein av mange av TikTokane til Notøy.

Powered by Labrador CMS