
– Det er ei stor overrasking
Innbyggarane i Fosnavåg kunne på kvinnedagen vakne opp til ei rekkje nye gatenamn - med kvinnenamn som pryda gateskilta. Edith Leinebø er blant kvinnene som blei heidra.
FOSNAVÅG: – Det er ei stor overrasking, for det fyrste. Og så kjenner eg jo at det er litt stas, òg.
Det seier tidlegare varaordførar i Herøy kommune, Edith Leinebø. Over natta, har ei rekkje gatenamn i Fosnavåg vorte tilegna ulike inspirerande og framtredande kvinner frå Herøy.
– Eg tykkjer det var artig, og eg såg dei som har blitt drege fram - eg tykkjer det var mange gode namn.

Det er ingen som veit kven som står bak gateskiltstuntet, men det er tydeleg at det fell i god jord hjå Leinebø. Ho har fått erfart korleis det er å vere einaste kvinne i politikken - ho var nemleg den fyrste kvinnelege ordføraren i kommuna.
– Det er klart at det var eit mannssamfunn, fortel Leinebø.
I ei periode sat Leinebø som einaste kvinne i kommunestyre - da var det altså åtte menn, og éi kvinne. Og da ville ho gjerne prøve å utfordre seg sjølv.
– Det var enkelte ting som det blei forventa at eg ikkje skulle vere så interessert i, fordi eg er dame. Men eg tykte det var kjekt, eg. Ei periode var eg formann i teknisk utval, til dømes - da var det kanskje ein liten kamp for å få løyve til å bli det, forklarer ho.
GATENAVN-STUNT: En hemmelig gruppe privatpersoner hedret kvinnene fra Herøy med nye gatenavn. Edith Leinebø var en av de som ble hyllet.
Enklare i dag
Den tidlegare politikaren fortel at ho har inntrykk av at det er enklare å vere kvinne i politikken i dag enn det var før. Ein av grunnane til at ho meiner det, er at det er langt fleire kvinner som har sluppe inn i politikken i dag enn det var for 30 år sidan.

– Ein av dei periodane eg sat, trur eg at det var mellom fem og sju damer totalt, av 33. Da er det ikkje så heilt enkelt dersom du har ei sak som går på mjuke verdiar, i staden for asfalt og utviding av vegar og slike ting, fortel Leinebø.
Ho vil oppfordre dagens unge til å engasjere seg i politikken.
– Det er kanskje litt skummelt til å byrje med, å ta ordet og å få fram det dei tenkjer på og vil ha gjennomført, og så kan det gå 10, 20, 30 år før det skjer, men likevel. De kjem til å gjere det bra framover, dersom de hiv dykk ut i politikken.
Kvinnehistorisk natt
Stuntet med å bytte ut tileigne kvinner sine eigne gatenamn, kan tenkjast å vere inspirert av ein aksjon ved namnet Kvinnehistorisk natt, ein aksjon som legg vekt på urettferda rundt at det i stor grad er gatenamn og statuar av menn, og ikkje kvinner, som dominerer bybileta rundt om.
Dette er dei nye namna som pryda gatene i Fosnavåg på kvinnedagen:
Lydia Remøe
Edith Leinebø
May-Britt Moser
Trude Teige
Rita Sævik
Kardis Moen
Magdalene Thoresen
Fiskarkoneplassen
Kystkvinnevegen