– Det er mange som stiller opp
Den nye fotballeiaren i Hovdebygda rosar frivilligheita i Hovdebygda. No kjem det snart ein ny tribune på stadion.
HOVDEBYGDA: Den nye fotballeiaren veit at han har store sko å fylle.
– Hovdebygda er ein godt driven klubb. Vi har eit bra aktivitetsnivå, og talet på medlemar har gått opp, seier Knut Arne Stokke.
Stokke har vore trenar for aldersbestemte lag i Hovdebygda i ei årrekke.
Å vere leiar for Hovdebygda fotball er hektisk. Alt er gjort på dugnad og er svært tidkrevjande.
– Ein slik stilling er ganske travel. Det er mykje arbeid med drift, økonomi og sponsorar. Det går med mange kveldar for å seie det slik, fortel han.
For augneblinken har ikkje Hovdebygda nokon på lønningslista. Med all tid det tek å drive eit idrettslag utelukkar ikkje Stokke ei anna løysing i framtida.
– På sikt så må vi kanskje ha ein lønna ansatt. Men det er fram i tid og ikkje noko vi går og tenkjer på heile tida, seier han.
– Vi må nesten ha det
No skal det byggjast ein ny tribune. Det meiner den daglege leiaren er på tide.
– Vi må nesten ha det. Vi bur på ein vêrhard plass. Tribunen vil sørgje for at endå fleire kjem og ser kamp.
Tribunen skal romme 250 sitteplassar, vere tilrettelagd for rullestol, og ha kiosk på toppen.
Tilskodarane vil kunne setje seg på tribunen i ly for regnet i staden for å setje seg langs med bana på lånte stolar frå klubbhuset.
Dei siste åra har det vore fleire store investeringar i idrettslaget. I 2009 bygde dei ballbingen, i 2011 la dei kunstgras over den gamle grusbana, og i 2020 bytte dei ut grasbana med kunstgras.
No nyleg opna aktivitetsparken.
Med andre ord er skjer det mange ting i den vesle klubben.
Stokke meiner dei nye prosjekta har verte mogleg takka den frivillige innsatsen.
– Det er den fantastiske frivillige innsatsen som gjer at vi kan realisere tribunedraumen, slår han fast.
– Han er Mr. Hovdebygda
Stokke er fortsatt fersk i stillinga, og er rask til å skryte av forgjengaren Sindre Skurtveit.
– Sindre har gjort ein fantastisk jobb her i mange år. Han er fortsatt aktiv her og er til god hjelp, seier Stokke.
– Han er Mr. Hovdebygda, konkluderer han.
Han beskriv Skurtveit som ein god mentor.
– Eg har kontakt med Sindre fleire gongar i veka. Det er viktig at han er tilgjengeleg.
– Det er viktig å få fram
Skurtveit har alltid vore opptatt av å skape eit godt nærmiljø i bygda og fortel at han har vore engasjert i idrettslaget sidan han var ein liten gut.
Skurtveit har hatt verv som trenar, styremedlem og leiar i om lag 25 år. Han peiker på kontinuitet som ein av grunnane til at han hadde vervet i så lang tid.
– Alle organisasjonar treng stabilitet, det er essensielt i frivilligheita. Viss ein har eit verv ein kort periode, så startar ein nærast på null når nokon nye tek over.
– Kva er den største endringa du har opplevd i idrettslaget på desse åra?
– Kravet til anlegg og fasilitetar har vorte mykje større. Det å byggje anlegg er kostbare ting. Der har vi fått god hjelp av dei lokale bankane, seier Skurtveit.
Men då vi pratar med han ynskjer han ikkje å prate så mykje om seg sjølv.
– Det er mange som stiller opp på mykje dugnader, men som ikkje kjem fram i lyset. Det meiner eg er viktig å få fram, påpeiker han.
Dugnadsfolk
Det er ikkje nokon hemmelegheit at frivilligheita står sterkt i Hovdebygda IL.
Ein av dei som alltid stiller opp er Thomas Ryste. Han er nok for dei fleste mest kjend som karakteren Kjell "Kjellen" Bigset. Men i idrettslaget har han rolla som fysisk trenar for A-laget til Hovdebygda.
– Eg har sjølv spelt mykje fotball her. Ungane mine er også aktive i klubben. Vi er ein liten klubb som treng ildsjeler, seier Ryste.
Frode Viddal er anleggsansvarleg for stadion.
– Eg meiner det er viktig at vi stiller opp om felles prosjekt her i bygda. Eg har vore engasjert her heilt frå ungane mine var små og byrja å spele her. Det er på ein måte ein livsstil, seier Viddal.
Njål Hoftun er Hovdebydas "altmoglegmann". Han har blant anna ansvar for klubbens sosiale medium og er speaker på herrekampane.
– Eg er tilflyttar frå Sykkylven og har budd her i ti år. Først var eg trenar, så balla det på seg med styreverv, seier han.
Hoftun legg ikkje skjul på at han elskar lokalfotball. Han påpeiker viktigheita av frivillig innsats for å bevare tilbodet til born og unge.
– Vi treng folk til å skape eit miljø for ungane. Dei dreg opp hit og leiker når dei er ferdige på skulen. Då er det viktig at vi er nokon her som legg til rette for at ungane kan ha eit miljø utanfor skulen, fortel Hoftun.