TIDSKREVANDE: Kor mange skift tek kvinner på seg i løpet av ein dag?

Det tredje skiftet

Kven er det som planlegg bursdagar, svarar på spond-varslingar og hugsar foreldremøter på skulen? Trass i at likestillinga er komen langt på fleire felt, er det ofte kvinner som tek seg av det usynlege arbeidet som organiserer kvardagen.

Publisert Sist oppdatert

LIKESTILLING: Thea Borkhus Gabrielsen er seniorrådgjevar i likestillings- og diskrimineringsombodet. Ho peikar på fleire faktorar som bidreg til at kvinner ofte tek på seg arbeidet med det såkalla tredje skiftet.

– Vi veit at det er skeivheiter i fordelinga av det første og det andre skiftet, det vil seie lønsarbeidet og det meir praktiske omsorgsarbeidet heime med familien.

ANSVARSFORDELING: Den skeive ansvarsfordelinga bidreg til å forsterke kjønnsroller, noko som kan vere negativt for både kvinner og menn, forklarar Gabrielsen.

Ho trur det framleis er kvinner som for det meste tek på seg ansvaret med å organisere kvardagen, sjølv om det er vanskeleg å måle tidsbruken på dette.

– Det skjer ofte parallelt med alt anna ein driv med.

Felles ansvar

Kvinner jobbar ofte meir deltid enn menn, medan menn gjerne tek på seg meir løna overtidsarbeid enn kvinner. Då endar det ofte opp med at kvinner gjer det ubetalte "ekstraarbeidet" heime.

Gabrielsen trur at fordelinga av det første og andre skiftet er avgjerande for at også det tredje skiftet skal kunne verte likare fordelt mellom kvinner og menn.

Vidare påpeikar ho at det ikkje skal vere kvinna aleine sitt ansvar å endre desse strukturane.

– Fedrene må ta sitt ansvar og ikkje vente på lister med ting å gjere, og vaksne menn kan også hugse å kjøpe gave til mora si.

Samfunnet må også leggje til rette for at familiane skal kunne fordele ansvaret og arbeidsoppgåvane likare. Gabrielsen peikar for eksempel på at fleire barnehagar og skular gjerne ringer først til mor om barnet er sjuk.

Ho meinar at ein arvar mange kjønnsroller frå heimen, og at det difor er viktig korleis ein oppdreg borna sine om ein vil det skal verte likare.

– Ein må lære både døtrene og sønene sine å vaske kle, skifte dekk og hugse å gratulere besteforeldre med dagen.

KREVANDE: Det kan vere krevande å kombinere dette ansvaret med jobbar som også krev mykje fokus og merksemd, seier Aarseth.

Maskulinitet

Helene Aarseth er sosiolog ved institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Ho har blant anna forska på familieliv, kjønn og maskulinitet.

At kvinner ofte ender opp med ansvaret for det tredje skiftet meinar Aarseth kan ha fleire konsekvensar.

– Det er ein type arbeid som krev mykje mentalt og emosjonelt fokus. Noko som kan gjere det vanskeleg å konsentrere seg om andre ting.

Gjennom arbeid med maskulinitet i endring har Aarseth intervjua par der menn har teke eit større ansvar rundt oppgåvene som kjem med det tredje skiftet. Ho sjølv tenkjer at dette vil vere positivt i eit parforhald.

– Ein får meir eit felles prosjekt og ein vert meir eit team som jobbar saman for å nå felles mål.

Samfunnsansvar

Eit likestilt familieliv handlar ikkje berre om val som vert tatt internt i familien. Aarseth meinar samfunnet også har eit ansvar for å leggje til rette for at dette skal verte mogleg. Ho peikar på at det er særleg viktig med ei streng regulering av arbeidslivet for å oppnå likestilling på heimebane.

– Ein må ikkje utvikle amerikaniserte arbeidsplasskulturar der det overordna målet er at ein skal vere på jobben 24/7.

Sjølv i eit av verdas mest likestilte land er det framleis kvinner som tek på seg mesteparten av det mentale ansvaret i heimane. Det tredje skiftet viser at likestillingskampen ikkje berre handlar om lik løn, men også om fordelinga av dette usynlege ansvaret i familielivet.

Powered by Labrador CMS