HAR REGNA: Det var mykje vatn i elva ved Høgskulen måndag.

Det verste har gitt seg: – Helga som kjem blir betre

Søre Sunnmøre har hatt ei regntung helg. No lovar meteorologen betre vêr.

Publisert

VÊRET: I helga var det gult farevarsel for flaum, samt oransje varsel for skred på Søre Sunnmøre.

No skal det verste ha gitt seg, meiner meteorologen.

Farevarsler for flaum og jordskred

Gult farevarsel: Moderat skadeomfang og mindre alvorlege konsekvensar. Dei fleste blir ikkje ramma. Ein kan oppleve stengde vegar i kort tid.

Oransje farevarsel: Kan føre til alvorlege skader. Mange kan bli ramma. Kan bli store vannskadar.

– Det blir litt regn resten av veka, men den verste nedbøren har gitt seg, seier vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt, Emili Carin Rønning.

Ho fortel at det ikkje er store lokale forskjellar. Det regnet som kjem vil ikkje vare lenge av gongen.

– Det vil kome litt forbipasserande regn no på onsdag, men det flytter seg raskt nordover, fortset ho.

– Kva med helga?

– Det kjem kanskje noko regn på laurdag og søndag, men det er ikkje heilt sikkert. Stort sett blir det opphold, understrekar meteorologen.

– Ikkje noko dramatisk

Fredag sende Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut gult farevarsel for flaum.

Erik Holmqvist er vakthavande ved NVEs flaumvarsel.

– Det gule varselet står til i morgon tidleg, men faren avtar i løpet av mandagen, slår han fast.

Han seier at flaumtoppen dei aller fleste plassane på Sunnmøre har passert. Situasjonen for flaum var heller aldri veldig alvorlig.

SOLA TILBAKE: Sola skinte over Volda måndag ettermiddag.

– Gult er det lågaste varselnivået. Det har vore mykje vatn i små bekkar og liknande, men ikkje noko dramatisk, påpeiker han.

Skredvarselet for regionen var eit nivå høgare, nemleg oransje.

Måndag ettermiddag var det framleis gult farevarsel for flaum på heile Søre Sunnmøre.

I liksap med flaumvarselet, avtar skredfaren no.

 For augneblinken er jordskredfaren gul på Sunnmøre. I morgon ser vi ingen grunn til å sette den på grøn, seier jordskredvarslar for varsom, Ida Svendsen.

Ho seier at det i helga var høg vannmetning i jorda grunna regnet, men at det no avtar.

Powered by Labrador CMS