
Nobelpris til nynorskforfattar:
— Dette er sterkt fortent
Torsdag ettermiddag vart det kjend at Nobels litteraturpris i 2023 går til Jon Fosse.
— Dette er sjølvsagt veldig gledeleg, og sterkt fortent, seier Gaute Øvereng, konstituert direktør ved Nynorsk Kultursentrum. På Aasentunet i Hovdebygda har dei heisa flagget for å feire den kjende dramatikaren.
Jon Fosse er den fyrste nynorskbrukaren som blir tildelt Nobels litteraturpris.
— Diktinga til Jon Fosse er veldig særegen og veldig allmenn på ein gong. Det er imponerande, seier Øvereng.
Fosse sjølv takkar nynorsken for prisen.
— Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg ei sannings namn takka nynorsken for prisen, seier Fosse til NRK.
Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar, og debuterte som romanforfattar for 40 år sidan. Han er ein av dei mest spela nolevande dramatikarane i verda, og bøkene hans er omsette til meir enn 50 språk. Han bur i statens æresbolig for kunstnarar, Grotten.