FRYKT: Det finnst mange som slit med fobiar. Havet eller vasskrekk er nokre av dei.

Dette skjer i kroppen når du får panikk

Mange kjenner på ubehag i møte med høgde, mørke eller edderkoppar. Men for nokre blir frykta så sterk at den styrer livet. Då snakkar vi om ein fobi. 

Publisert Sist oppdatert

– Fobi er ei angstliding. Fobi kan bety å vere redd for ein bestemt situasjon eller ein bestemt ting. Vi kallar det i diagnose-samanheng, spesifikk fobi. Det å vere redd farlege situasjonar er heilt avgjerande for å overleve som art, seier spesialpsykolog Vidar Myklebust ved studentsamskipnaden ved Høgskulen Volda. 

Ein vanleg lidelse 

Fobiar er vanleg å ha. Ifølgje Myklebust er det til ei kvar tid omkring åtte prosent av befolkninga som har fobi. 11 til 12 prosent av oss er kvalifiserte for ein sånn diagnose.

– Samla sett er det omkring 1 av 10 som har ei form for fobi, seier han.

SPESIALPSYKOLOG: Myklebust seier mange går gjennom heile livet med fobiar.

– Kva skjer med kroppen i møte med frykta? 

– Kroppen gjer seg klar for å handtere det farlege, altså det vi tenkjer er farleg. Hjertefrekvensen aukar og pusten aukar. Det skjer fordi kroppen sender energi til musklane. 

Dei tre naturlege panikkangst-reaksjonane kroppen reagerer med er å rømme, kjempe eller fryse til.

– Kroppen reagerer slik for at vi skal kunne fysisk kjempe for livet.

Slik kan ein få hjelp 

Mange lever med fobiane sine resten av livet.

– Det er to hovudgrunnar til det. Den eine er at det ikkje øydelegg kvardagen til den det gjeld. Den andre er dersom ein vel å gå i behandling, så er det ofte tøft å gå gjennom.

Myklebust fortel at eksponering er det mest effektive behandlinga.

– Ein kan jobbe med ufarleggjere situasjonen tankemessig. Men eksponeringsterapi er viktigast. Du må eksponere deg for situasjonen, seier han.

Dersom du har klaustrofobi, er det ikkje nok å stå i eit trangt rom i nokre sekund. Det gjer vondt verre. 

– Skal du utsette seg for fobien din, må du stå i det over lenger tid. Ved å stresse seg gjennom situasjonen sendast det signal til kroppen om at det er farleg, seier Myklebust. 

Han legg til at det beste ein gjer er å stå i det til ein føler ein har kontroll over frykta.

– Ein må starte i det forsiktige, men vér lengst mogleg i det kvar gang, til du føler du har kontroll. 

Høyr reporteren sin fobi i reportasjen. Ho trur ho har havfobi, og prøver å bekjempe frykten ved hjelp av eksponering. 

 

Powered by Labrador CMS