
– Eg tek framleis på antibac i matbutikken
Eirik Vassli Hansen (22) og Ivar Håkonsson Nogva (21) tenkjer ikkje så ofte på korona-pandemien lenger, men det er nokre vanar som heng igjen.
VOLDA: Det er fire år sidan landet vart stengd ned på grunn av korona. Det var ei tid med mange retningslinjer. I dag har kanskje nokre av desse retningslinjene blitt ein naturleg del av kvardagen, sjølv om korona ikkje står på som verst.
– Eg ser framleis etter antibac-dispenseren i matbutikkane. Dei er som oftast tomme no då, seier Hansen.

Før var antibac gjerne noko ein forbinda med sjukehuset. I 2020 var det overalt. Nogva fortel at han har blitt dårlegare til å handhelse etter korona-pandemien.
– Me fekk jo ikkje lov til å handhelse. Eg merkar at eg har blitt dårlegare til det. Det fell ikkje like naturleg å gjere det no som før.
Hansen og Nogva gjekk på vidaregåande då pandemien slo ut for fullt. Fire år seinare studerer dei ved Høgskulen i Volda.
– Det var rart då landet opna igjen. Det å ikkje måtte halde distansen heile tida var uvant. Vanane ein måtte lage seg i korona-tida, heng framleis litt igjen no lenge etter.
Søskena Geir Hansen og Jan Ove Hansen er einige i at antibacen er vanskeleg å bli kvitt.

– Det som heng igjen no fire år seinare er vel antibacen. Me spritar oss mykje oftare no enn det me gjorde før. Det var jo antibac overalt under pandemien, seier dei to brørne.