Ein mann teken av skred i Ørsta

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: Ein mann vart teken av skred ved Grøtdalstind i Bondalen i 16:45-tida i dag. Det melder politiet på Twitter.

Tilstanden til mannen er kritisk, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt.

Mannen var i eit svensk turfølge på fire personar, ifølgje innsatsleiar på staden, Geir Helge Ådneram. (NRK)

Det har gått fleire skred i området i dag, og politiet ber folk vere varsame dersom dei vurderer å reise ut på tur i dag.