Eit tap for barnehageborna
Sparegrisen til Volda kommune er tom, no skal dei spare på ei svekking av kvaliteten i dei kommunale barnehagane.
VOLDA: Kommunen skal spare inn 60 millionar, og må spare i alle etatar. Fleire av sparingstiltaka rammar Voldabarnehagane. Eit av tiltaka går ut på å kutte i pedagogdekninga. Dette planlegg kommunen og spare 2,2 millionar på i året. Dermed vil Voldabarnehagane gå frå å vere blant Noregs beste, til ein lågare kvalitet.
I Noregstoppen
I Volda er det 15 barnehagar, syv private og åtte kommunale. I mange år har kommunen låge i Noregstoppen, lenge på fjerde, og er no på ein åttende plass ifølge kommunalbarometeret sine tal. Kommunen har 12 årsverk pedagogar meir enn lovpålagt. Ifjor blei 123 born fødd i Volda. Mange har starta i ein av kommunens barnehagar, somme ventar.
Kommunens sparegris er brukt opp
Volda kommune har i mange år brukt meir pengar enn dei har. Til dømes på ny ungdomskule, barneskule og svømmehall. Med 60 millionar i minus er dei nære og hamne på ROBEK-lista. Kommunen er i ein økonmisk situasjon, kor ein må redusere driftkostnadar i alle sektorar. Ved å erstatte barnehagelærarar med andre fagarbeidarar eller assistentar kan dei spare fleirfoldige millionar i reduserte lønnskostnadar.
- Ingen skal miste jobben
Leiar for Oppvekst i kommunen, Per Ivar Kongsvik fortel at kommunen er avhengig av at pedagogar sluttar ved “naturleg avgang” for å kunne spare. Dette vil seie at kommunen ikkje har mandat til å seie nokon opp, men vil gjere endringar, når pedagogar seier opp, eller går av med pensjon. På spørsmål om den planlagte innsparingssummen er eit anslag gjort ut ifra beregningar eller tidlegare erfaringar, om kor mange som sluttar, er Kongsvik klar. “Nei, dette kan ta tid."
Same kor smertefullt dette er, må vi redusere dei samla kostnadane. Dette vil seie alle dei tenestene vi yter, som er meir enn dei lovpålagte.
Vil gå ut over kvaliteten
Kongsvik er klar på at barnehagen er ein pedagogisk institusjon, kor det er ein klar samanheng mellom talet på pedagogar og kvaliteten. Samstundes meinar han at kommunen uansett vil klare og ha ein god kvalitet.
Leiar i Utdanningsforbundet i Volda, Sirikit Vågen er kritisk til kutta:
At barn og unge har nok og godt kvalifiserte lærarar rundt seg, er den viktigaste føresetnaden for å gi eit godt tilbod i barnehagen. Vi skal skape tryggleik og ta vare på barna. Om det er noko vi bør prioritere, så er det nok lærarar i barnehagen.
Under handsaminga av budsjettet i fjor haust argumenterte Utdanningsforbundet Volda for at kutt i pedagogdekninga, saman med ytterlegare kutt i bemanninga, vil vere ein katastrofe for barnehagane. Dette grunngjev dei med at eit allereie høgt arbeidspress vil auke, det kan føre til at fleire vert sjukmelde, og fleire barn ikkje vil få behova sine dekt.
Det var store protestar frå mange hold. Både foreldre, tilsette i barnehagar, organisasjonar med meir. I eit brev frå dei tilsette i Oppigarden står det:
Vi er sterkt uroa for dei kutta som er foreslått i dei kommunale barnehagane i Volda, dette vil påverke kvardagane til barn, foreldre og tilsette i stor grad.
Men, forslaget blei like vel vedtatt. Anne Karin Espe, frå SV, sit i politisk utval for Oppvekst, og utallar at Sosialistisk Venstreparti i kommunen, kriga for ressursane, og vil helst auke dei. Ho meianar det er feil medisin og spare inn på området.
Denne forferdelege knipa gjer at ein endar med og gå på kompromiss, einaste løysinga er større overføringar frå staten og øyremerka midlar.
Første steg i eit menneskets utvikling skjer i barnehagen
I ein av kommunen sine barnehagar, Oppigarden barnehage, er det for tida 6,6 årsverk for barnehagelærarar og 5,9 årsverk for fagarbeidarar og assistentar fordelt på 49 born. Leiar i barnehagen, Synne Buer, opplyser at det ikkje har kome signal om fleire kutt enn dei som allereie er vedtekne.
Barnehagelærarar er viktige for å oppretthalde god kvalitet, og det er viktig at det ikkje kjem fleire kutt. Vi må kjempe for å ha nok barnehagelærarar i Voldabarnehagane slik at vi kan halde fram med å levere tenester av høg kvalitet. Målet kan ikkje vere å gå frå svært god kvalitet til berre «god nok»
Buer har forståing for at kommunen må kutte, og at innsparingar naturleg nok kjem på område der ein ligg over lovpålagde krav. Ho er glad for at ingen skal måtte miste jobben og håper samstundes på at ein sikrar nok barnehagelærarar i barnehagane til å ta vare på kvaliteten i tilbodet.
Leiar for foreldreutvalet i barnehagen (FU) Leif Egil Friestad svarar på vegne av foreldra, at dei synast det er leit at pedagogdekninga blir kutta. Ho fortel vidare at dei ikkje har fått info frå kommunen om kva dette omfattar.
Pedagogane fortel at det betyr at pedagogane som blir att får meir og gjera på same tid. Me fryktar at det betyr meir arbeidspress og mindre tid til borna for dei barnehagetilsette.
Voldabarnehagen vil dermed med tida legge seg på eit nivå lenger nede, nærmare minstekravet.