Familiesaga frå kresen stilist
I meir enn tre tiår har Øystein Orten utgjeve bøker. No er han aktuell med romanen Borodino.
HAREID/KVITNESET: Bølgjene slår mot svaberget på Kvitneset. Vinden piskar oss i andletet, og vi må sette sjøbein for å stå oppreist. Hausten viser musklar, YR.no har sendt ut gult farevarsel for kraftig vind. Her på Kvitneset i Hareid bygde tyskarane festningsanlegg for å beskytte seg mot dei allierte, som ein del av Festung Norwegen.
Med Norskehavet rett vest er det ei vêrhard og utsett plass Øystein Orten har teke oss med for å prate om den nyaste boka si.
Havet utanfor Kvitneset spenner opp bakteppet for ei tragisk hending i romanen Borodino. Det er her forfattaren har henta inspirasjon til «Sundet» og «Djupet», to stader lesaren blir betre kjent med gjennom boka.
Eit liv som forfattar
Orten trødde sine barnesko på Hareid, og bur framleis der. I dag er han pensjonist, etter eit langt arbeidsliv i læraryrket.
– Eg trur eg må ha undervist ein stad mellom to- og tretusen elevar, seier den tidlegare læraren.
Orten debuterte med ein lyrikksamling for over 30 år sida. Seinare har han fleire utgjevingar på samvitet, både romanar, novellesamlingar, lyrikk og to dokumentarbøker. Kritikaren og forfattaren Tom Egeland kalla Orten ein «kresen stilist», då han i en tidlegare bokmelding i VG trilla til fem på terningen. Orten vart bitt av lesegleda som 16-åring, då han oppdaga den franske Nobelprisvinnaren Albert Camus sitt forfattarskap. Seinare studerte han norsk og historie.
Den historieinteresserte 64-åringen vert oppglødd av å vise oss rundt på staden han hentar inspirasjon frå. Han fortel ivrig om tyskarar, Shetlands-Larsen og lokale 90-åringar. Kanskje er det derfor ingen tilfeldigheit at intervjuet går føre seg i ein gamal tyskarbunker, i ly for veret utanfor.
Lik festningsverket framleis sett sine tydelege spor i landskapet, ynskjer Orten å fortelje om korleis havet satt spor i familiane som var heilt avhengige av det.
Havet, fjorden og det sunnmørske kystlandskapet har prega fleire av utgjevingane hans, slik er det òg med den nye romanen.
– Bruken av havet kan vere ubevisst frå mi side, men det dannar eit realistisk bakteppe. Havet var ein viktig ressurs, samstundes som det kunne krevje store offer, seier forfattaren.
Utan å føregripe hendingane i Borodino, må det nemnast at havet òg krev sine offer her.
Verdshendingane som bakteppe
Borodino vart utgjeven på Det Norske Samlaget i september i år. Då boka gjekk i trykken kom òg ei kjensle av lette for forfattaren. Samstundes som letta gjer seg gjeldande, kjenner han på ei sårbarheit ved å overlate forteljinga til lesarane. No går han spent rundt og venter på tilbakemeldingar frå lesarar og kritikarar.
Orten fortel at han i periodar med skriving lever seg svært inn i forteljinga. Under arbeidet med Borodino enda det med eit kjøp av ein vaskeekte St. Helena medalje.
– Eg kjøpte han på eBay, han er til og med sertifisert, fortel han og visar fram sertifiseringspapira.
Medaljen vart delt ut som eit heiderstekn til alle som hadde deltatt på Napoleon sin side under Napoleonskrigane, .
Ein av dei som fekk ein slik medalje er romankarakteren Tomas Øvstigard. Boka strekk seg tilbake til tidleg 1800-tal, der vi får stifte kjennskap med Øvstigard og hans lagnad. Han rømmer til København etter eit fåfengd forsøk på å sette kyrkja i bygda i brann. Etter kvart vervar han seg til Napoleon sin armé, og deltar i felttoget i Russland.
Boktittelen er henta frå slaget ved Borodino, òg kjent som slaget om Moskva i 1812. Under kanondrønn og midt blant døyande soldatar skyt Tomas Øvstigard ein ung russar. Eit minne og ei handling som gneg han resten av livet, og kanskje endå lenger. I boka følgjer vi familien Øvstigard gjennom generasjonar, fram til i dag. Kanskje er all motgang dei opplever gjennom tida eit avlat dei betaler for det skjebnesvangre skotet i 1812?
Verklegheitslitteraturen
Det å ta vare på og vidareformidle forteljingane frå generasjonane føre oss, ser Orten på som viktig. Det er òg derfor den ortenske litteratur legg seg tett på verkelegheita.
Sjølv om han er påpasseleg med å understreke at boka sine karakterar, og handlinga er dikting, byggjer dei på verkelege hendingar og personar.
– Far min var lensmann, slik som faren i Borodino òg er det, seier Orten.
Det har blitt eit innhaldsrikt forfattarliv, 31 år har gått sidan den første utgjevinga: havflammen.
– Eg vil ikkje at historiene skal verte gløymde, fortel han.
Forteljaren i boka er lærar, slik Orten sjølv, dei har òg begge studert i Volda. Det er nærliggande å tenke at Orten har brukt seg sjølv som eksempel i forteljinga.
– Men eg vrir det til noko anna, det er det som er så fint med å skrive skjønnlitteratur.
Samtalen går mot slutten. St. Helena-medaljen Orten har teke med seg vert skånsamt pakka ned i ein konvolutt, lagt inni ein pose, og til slutt lagt i sekken for å verne mot regnet. Vinden bles like standhaftig utanfor bunkeren, som for å understreke prøvelsane romankarakterane blei utsette for der ute på storhavet. Heldigvis for oss er det berre eit kvarter å gå gjennom hauststormen. Orten ser oss vel inn i bilen, og ynskjer oss god tur heim. Vi er heldige som har ein bil med setevarme, ein luksus heilt ukjent for Tomas Øvstigard.
SJÅ ØYSTEIN ORTEN LESE FRÅ BOKA SI HER: