DANS: På ein og ein halv time lærte nybegynnarane ein heilt ny koreografi

Fellesskap i koreansk dans 

Koreansk popkultur, eller k-pop, har blitt svært populært over heile verda. No har subkulturen kome til Volda.

Publisert

VOLDA: På Volda samfunnshus blei det for første gong arrangert k-pop-dansekurs for vaksne. Eit liknande tilbod eksisterer allereie for born her i bygda, men at også vaksne no viser interesse for å lære den sør-koreanske dansemåten bekreftar kor utbreidd denne kulturen har blitt.  

–  K-pop er veldig lågterskel, alle kan vere med, det er ikkje ein firkant du må passe inn i for å vere med å danse. Dette seier Yoko Müllemann, som var danseinstruktør på kurset.

Låg terskel, høg glede

FORNØGD: Yoko Müllemann var veldig fornøgd med oppmøte, og vil gjerne halde fleire slike kurs.

Yoko begynte med k-pop i 2018, og har sidan både dansa sjølv, samt arrangert fleire dansekurs både i Ålesund og i Volda. Dette er første gong hen inviterer utelukkande vaksne til å delta på opplæringa, men Yoko ønskjer at dette skal bli eit fast opplegg. Hen har eit håp om at dette skal føre til at fleire opnar auga for kulturen, og vert med i dette fellesskapet.

– Ver med, tør å gjere feil, det er lov, dette er den klare oppfordringa frå danseinstruktøren. 

Det viktigaste på eit slikt kurs er ikkje å få til alt med ein gong, forklarar Yoko. Målet til hen er hovudsakleg at deltakarane kjenner på glede for dansen.

Internasjonal kultur i lokalt miljø

INKLUDERANDE: Alle som ville kunne delta på kurset, uavhengig av erfaring og ambisjonar.

K-pop har det siste tiåret blitt eit av dei mest populære kulturuttrykka i verda, og musikken samlar fans på tvers av både alder, språk og bakgrunn. Dei fargerike musikkvideoane, energiske dansane, samt det sterke fellesskapet rundt artistane har gjort sjangeren til eit globalt fenomen. 

Her i Noreg har også interessa for kulturen vakse raskt, og k-pop bølgja har nådd heile vegen frå Korea til vesle Volda. Det nyoppstarta dansekurset viser korleis ein internasjonal trend kan skape engasjement og fellesskap, uansett kvar ein bur.

Dans som fellesskap

 – Det er ikkje berre dansing, men ein sosial møteplass, dette seier Maria-Fernanda Rasmussen, som var svært fornøgd med det nye tilbodet. 

Maria er frå Sør-Amerika og forklarer korleis ho er veldig vant med å danse, og saknar den delen av livet hennar. Ho har vert på leiting etter dansekurs i området, og seier at det er kjekt å sjå at folk er interessert i dansen. Ho legg til at det er fint å ha ein møteplass der ei også held seg i fysisk aktivitet.

ENDELIG: Maria-Fernanda Rasmussen har venta lenge på eit slikt tilbod

På spørsmål om ho ønskjer å delta på eventuelle framtidige kurs, er svaret klart: 

– Sjølvsagt! Sjølv om eg ikkje er så flink, blir eg med. 

Powered by Labrador CMS