GPS-GJERDER: Geitene har på seg ein klave som registrerer posisjonen deira. Klavane gir lydvarsling dersom dyret nærmar seg eller går over grensa. Alle foto: Anny Møklebust.

Fem geiteskjegg går laus på krattet

Det gror igjen rundt tunet på Andaneset. No har familien Andenes skaffa fem kasjmirgeiter som skal beite ned gras og buskar. 

Publisert

VOLDA: Det er ein månad sidan Vegard Andenes og familien fekk fem kasjmirgeiter til tunet på Andaneset. Geitene skal bidra til å halda vegetasjonen nede.

GLAD I BUSKAR: Rognebusken er særleg populær blant geitene.

— Me leigde inn nokre kasjmirgeiter før sommaren for å beita bort busker og kratt. Det har me mykje av her, fortel Vegard.

Etter nokre månader med innleigde geiter, erfarte Vegard at dei i stor grad klarte seg sjølve. Familien eigde allereie ei tom løe på andre sida av vegen, der geitene kunne vera om vinteren. Dermed låg mykje til rette for å skaffa eigne dyr.

I starten av august flytta Trille, Bruse, Anders, Balder og Ivar Aasen inn på tunet.

Kasjmirgeitene

Dei fleste forbind truleg kasjmir med mjuke plagg og høge prisar. Vegard trur likevel ikkje det blir kasjmirproduksjon på Andeneset med det første.

MYKJE ARBEID: Vegard vaks opp med dyr på garden. - Eg syns det er veldig kjekt med dyr, men så veit eg óg kor mykje arbeid det kan vera.

— Dei me kjøpte geitene av, sa at eit slikt prosjekt tek fleire år. Med berre fem geiter går det ikkje så fort, fortel han.

STELL: Sjølv om geitene for det meste klarar seg sjølve, treng dei framleis litt stell. — Dei treng diverse medisin og flåttmiddel, og om vinteren må dei få høy, seier Vegard.

Den tette underulla gjer at geitene toler kulde godt og kan vera ute året rundt. Langs vegkanten stoppar mange turgåarar for å sjå dei beite i buskane. Vegard synest det er kjekt at folk er nysgjerrige, men oppfordrar hundeeigarar til å følgja reglane for bandtvang.

— Me merkar på geitene at dei blir redde når lause hundar kjem springande, forklarar han.

EIN START: — Me får starta med geitene no, så får me sjå etterkvart, seier Vegard.

Geitene går fritt utan eit fysisk gjerde. I staden styrer Vegard beiteområdet gjennom ein app.

— Eg kan teikne opp ei grense på mobilen. Når dei nærmar seg grensa, høyrer dei eit lydsignal. Dersom dei ikkje snur, får dei ein liten straumpuls i klaven rundt halsen, seier han.

Geitene har vakse opp med det virtuelle gjerdet. Når dei høyrer lydsignalet, snur dei raskt. Vegard trur det ville vore mykje arbeid å setja opp vanlege gjerde, og seier teknologien var ein viktig grunn til at familien valde å skaffa seg geiter.

— Det er difor me valde å hoppa i det og prøva, fortel han.

Dyr med personlegdomar

— Trille er mest glad i kos, seier Vilja, den eldste dottera til Vegard.

Geitene har dei siste vekene blitt trygge på den nye familien. I nabohuset bur Vegard sin familie. Far, Jon Inge, er sjølv oppvaksen på gard på Andaneset. Han set pris på det firbeinte selskapet på markene.

— Ein kan merka at geitene har blitt glade i oss no. Om morgonen kjem dei springande når eg ropar på dei, fortel Jon Inge.

Då Jon Inge blei vaksen tok han over garden. Den gongen hadde familien villsau, mjølkegeiter og kyr. For Vilja er geitene likevel nok.

KJEKT: Vilja syntes det er kjekt å komma heim til geitene etter skulen.

— Eg vil ikkje ha nokon andre dyr enn geiter, seier ho medan ho klappar Trille, som ligg og kviler i graset.

Den eldste geita, Bruse, er òg glad i å leggja seg ned. Då legg han nakken bakover og let horna kvila mot graset.

— Han lagar si eiga nakkestøtte, seier Vegard og ler.

Vil anbefale til fleire 

I ein travel kvardag med fulltidsjobbar og små ungar håpar Vegard at familien får tid til geitene også i åra som kjem.

— Så lenge det ikkje blir for mykje arbeid, ønskjer me å halda fram, seier han. 

Vegard meiner geitene gjer ein viktig jobb med å pleia kulturlandskapet. Han trur fleire kunne hatt nytte av å leiga inn eller skaffe seg geiter til eigne område. 

— Det gror igjen dei fleste stader. Har ein eit område der geitene kan gå, kan eg absolutt tilrå fleire å skaffa seg geiter, seier han.

ULIKE ALDRAR: Geita Trille er fire år gammal. Bruse og Anders er dei eldste. Dei er åtte og sju år gamle.
Powered by Labrador CMS