Fem tips for å få familien ut i høstværet
Vil du få med familien ut på tur til helga? Friluftsentusiast Runa Bakke har lista opp fem turar i området som passar både store og små.
VOLDA: — Ikkje tenk at du skal gå langt. Tenk heller at du skal ut og oppleva noko, meiner Runa, leiar i Friluftsforeningen Volda.
Ho går sjølv fleire turar i veka, og frå heimen i Volda har ho kort veg til turstiane.
— Eg er så heldig at eg berre kan gå rett ut av huset og koma ut i denne flotte bakhagen, som eg kallar han, seier Runa.
Slik får du familien ut
For å få med barna meiner Runa det kan vera lurt å slå seg saman med andre. Når ein har gjort avtale med nokon, blir det lettare å faktisk koma seg ut. For dei minste er det òg kjekt å gå saman med andre ungar.
Ho understrekar at ein ikkje treng å planleggja for mykje på førehand.
— Det handlar ikkje nødvendigvis om å gå langt, men om å ha det kjekt dit ein kjem. Kanskje ein stad der ungane kan leika, laga bål og kosa seg, seier Runa.
Litt «bensin» kan òg hjelpa på motivasjonen hos dei minste.
— Ein kan plassera drops eller seigmenn på steinar langs vegen. Då blir stien endå meir spennande, seier ho.
Fem turforslag frå Runa
— Eg veit ikkje om eg kan seia topp fem, for det kunne vore topp 200!
Sjølv om det ikkje var ei enkel oppgåve, har Runa plukka ut fem turar som passar godt for familiar. Forslaga går frå enkle gapahuk-turar til litt meir krevjande toppturar.
Prestesætra
— Me har mange fine gapahukar i Volda, fortel Runa, og trekkjer fram Prestesetra som eit høveleg turmål for dei minste.
Frå parkeringa ved Håmyra er det om lag éin kilometer å gå i motbakke. Ein kan òg starta frå Klepp eller Panoramavegen om ein vil ha mindre stigning. Heile vegen er grusa, og det går an å ta med barnevogn.
Ved Prestesetra finst det bålplass og ei open slette der ungane kan leika.
— Der er òg eit lite skogholt der ein kan gøyma seg litt nede og leika, legg Runa til.
Gapahuken på Lid
Òg gapahuken på Lid kan nåast på grusveg. Turen er litt lengre enn til Prestesetra, men har mindre stigning.
— Frå gapahuken er det god utsikt, og turmålet passar for både små og store barn, fortel Runa.
Det ligg ein parkeringsplass langs Eidsheimvegen. Derifrå er det 1,5 kilometer å gå til gapahuken.
Helgehornet
For dei som er glade i toppturar, trekkjer Runa fram Helgehornet.
— Han er forholdsvis lett, og du ser toppen heile tida, forklarar ho.
Frå toppen kan ein sjå utover mellom anna Dalsfjorden, Austefjorden og Ørstafjorden.
Turen startar frå parkeringa ved Helgehornet, og stien er godt merkt heile vegen opp.
Dagsturhytta på Nakkebruna
— Her kan både barn og vaksne ta ein lesepause om vêret blir dårleg, seier Runa.
Dagsturhytta på Nakkebruna i Hornindal har både utsikt, bålplass og ly. Oppstigninga kan vera litt bratt, men ho er framleis overkomeleg, meiner Runa.
Frå hytta er det mogleg å gå vidare til Ytrehornsnakken.
— Den passar best for dei som vil ha ein litt meir krevjande tur, seier ho.
Folkestadvatnet rundt
— Om ein er sprek, kan ein bada der, foreslår Runa.
Ho meiner hausten er ein fin tid å gå rundt Folkestadvatnet. Området gir moglegheit for både lengre og kortare turar.
— Turen eignar seg godt for familiar som vil tilpassa lengda undervegs, etter alderen og dagsforma til barna, fortel Runa.