HEIME: Far og dotter matar sauene i bakgården på småbruket.

Folkestad vil ha unge heim: – Eg føler pendelen er snudd

Barnehagen er full, og dei unge vil bli. På Folkestad trur dei at roa i bygda trekker dei unge tilbake. 

Publisert Sist oppdatert

På Folkestad er det langt til næraste lyskryss. Her er det ferjeleiet som set takta om morgonen. Even Lillenes meiner at stadig fleire unge søkjer roa i Bygde-Noreg.

– Eg føler pendelen er snudd. Eg kan berre bruke dei eg kjenner som døme, men eg trur at Bygde-Noreg får eit oppsving, seier han.

Mykje "styr og stell" 

Even er vaksen opp i Dalsfjorden, i eit grønt hus tett på fjordkanten, to mil frå butikken ved kaia. Som barn var han mykje åleine.

– Eg var nokså introvert som liten. Det er nok ikkje så uvanleg når ein bur på ein så liten plass.

I sine voksne år, har han jobba fleire år på Folkestad skule. Den introverte sida har han ikkje merka på lenge. No pratar han med dei fleiste.

— Det er nok ein yrkesskade ein får som lærar. Ein blir glad i prate. 

Ved sidan av jobben, sjonglerar han mellan å vere familiefar, fotballtrenar, brannmann og sauebonde.

— Det er mykje "styr og stell", seier han med eit smil. 

Jobbane avgjer 

SKULEN: Even Lillenes saman med sine kollegaer på Folkestad skule. Frå venstre: Even Lillenes, Tom Erik Bogen og Benjamin Bjørkedal.

Hovudgrunnen til at han trur på bygda, er enkel. Landet lever av naturressursane, og dei finst ute i distrikta.

– Vi er eit land som livnærer oss, som tener pengar og overlever på naturressursane. Og naturressursane, dei er ute på bygda.

Even trur det er avgjerande med ein fleksibelt jobbmarknad om folk skal velje distrikta. Han meiner moglegheitene er gode i og rundt Folkestad. 

– Her har vi kort avstand til både Volda-sida og Nordfjordeid. For ikkje å gløyme den maritime klynga ut mot Fosnavåg, forklarar Lillenes. 

Han trekk òg fram gründerånda på Sunnmøre. Her startar folk ofte for seg sjølve, meiner han.

ILDSJEL: Even Lillenes har trua på bygda.

Fulle barnehagelister 

Denne hausten vart barnehagen på Folkestad full ved oppstart. For styrar Kim Cato Kolseth var det både godt nytt og ei utfordring.

– Eg tenkte at dette var veldig kjekt, men at det ville bli plassmangel, seier Kolseth.

Løysinga vart ein kreativ turnus. Tre dagar i veka held barnehagen til i lokala til dagsenteret ved sida av. Ein dag er dei på tur, og ein dag får dei bruke delar av skulen, mellom anna skulekjøkken, gymsal, tekstilrom og sløydrom.

– Det viser jo eigentleg berre kor sterkt bygda står, disse problema samlar lokalsamfunnet, seier han.

Kolseth byrja i 2024. Han seier at barnetala har vore låge tidlegare, men at barnehagen sakte har vakse litt for kvart år. Det er framleis ikkje sikkert at utviklinga held fram. 

– Det går jo veldig opp og veldig ned. Nokre år er det høge toppar, andre år er det låge botnar. Men eg håpar at vi kan få til ein trend at folk ønskjer å by på bygda, seier han. 

Når hjelpa er langt unna

Det er ikkje berre barnehagen som heng på lokale krefter. Akuttberedskap kjem vanlegvis frå Volda, på andre sida av fjorden. Det kan bety ein halvtime, kanskje ein time, ekstra ventetid.

Even er frivillig i Volda brann og redning, avdeling Straumshamn. I garasjen viser han og brannleiar Stein Roger Lidal fram utstyret som skal takle alt frå trafikkulukker og brannar til helseoppdrag.

– Her er det tenkt å ha mest mogleg utstyr på minst mogleg plass, seier Lidal.

Ifølgje Lidal rykkjer mannskapet ut ti til femten gonger i året.

BRANNLEIAR: Stein Roger Lidal visar oss rundt på brann - og redningsstasjonen i Folkestad.


Dei unge vil tilbake 

Emma-Torine Brenne har hatt Even som fotballtrenar sidan ho var fem år. Ho vaks opp på Folkestad og ser tilbake på ein fin barndom med mykje friheit. 

– Det var veldig kjekt å kunne gå til venninner, og aldri vere bekymra for om det kjem ein bil i neste sving, seier ho.

TRUA: Emma-Torine Brenne bur i Ørsta nå, men ser føre seg å flytta tilbake til Folkestad.

Emma har òg tru på at den fulle barnehagen betyr noko.

– Når det har vore fullt, så viser det berre at folk kjem heim igjen, etablerer seg og kanskje skaper eit lite miljø sjølv. 

Dottera til Even, Tuva, drøymer om å bu nær familien.

– Eg er veldig glad i å bu landleg, og veldig heimekjær. Veldig glad i å ha familie rundt meg, og besteforeldre i nabohuset.

Ho trur ikkje at ho er åleine om det.

– Her er ei generasjon som allereie har flytta heim, og som eg veit har lyst til å flytte heim att. Eg veit om fleire på min alder som vil det.

HEIMEKJÆR: Dottera til Even, Tuva, er tydeleg på at ho vil etablere seg heime på Folkestad. Her står ho foran utsikta til barndomsheimen.

Starten i skulegarden

TETT PÅ NATUREN: Tom Erik Bogen synst det er viktig å bruke nærområdet til skulen.

Det sterke unge miljøet byrjar for mange i skulegarden. Rektor Tom Erik Bogen seier skulen bruker nærområdet aktivt.

– Vi prøver å utnytte dei lokale fortrinna. Vi har årlege friluftsdagar der vi fiskar og bruker setra, med aktivitetar som er litt særeigne for Folkestad.

Å vere saman

Mykje ligg til rette på Folkestad, med jobbar, skule, barnehage og ei sterk dugnadsånd.

Likevel handlar det om noko veldig enkelt: å vere saman, heime. Emma-Torine Brenne oppsummerer Folkestad slik:

– Folka, plassen, omgjevnadene. Det er heime for meg. Det er heimen min, seier ho og blir litt rørt.

 

Powered by Labrador CMS