– Foreldra gjer lappen kunstig dyr
Drivstoffprisane eksploderar, men for trafikkskulane i Volda og Ørsta er foreldra sitt krav om manuellgir det største problemet.
VOLDA / ØRSTA: Hausten 2026 har vore brutal for lommeboka til alle som lever av å køyre bil på Sunnmøre. Etter at dei statlege avgiftskutta opphøyrde, har bensin og dieselprisane klatra mot 30 kroner literen.
For køyreskulane, som køyrer tusenvis av kilometer i veka, blir det dyrt. Både Jan-Åsmund Bondhus (Bondhus Trafikkskule i Ørsta) og Kjell Erik Rotevatn (Rotevatn trafikkskule i Volda) fortel om ei årleg drivstoffrekning på rundt ein halv million kroner kvar.
Men eigarane av dei to store trafikkskulane avslører at den største økonomiske og miljømessige utgifta deira skuldast noko heilt anna, nemleg foreldra sine innarbeidde vanar og tradisjonelle krav til førarkortet.
«Bakventland»
Sjølv om nybilsalet i Noreg i dag er tilnærma 100 prosent elektrisk, og store bilmerke for lengst har slutta å produsere manuelle personbilar, held Søre Sunnmøre fast på girspaken..
– Her i Ørsta er det framleis 50 til 60 prosent som ynskjer å ta lappen på manuell, forklarer Jan-Åsmund Bondhus.
Dette skaper ein enorm følgjefeil for trafikkskulane. Sidan det ikkje finst nye manuellbilar på marknaden, må skulane finkjemme bruktmarknaden og køyre rundt i gamle bilar som har gått ut på garanti.
– Vi blir ståande fast i bakleksa her på bygda. Vi har bilar som er ti år gamle. Det var heilt uhøyrt før, for då bytta vi alltid bilane med ein gong garantitida gjekk ut. No må vi ta heile rekninga sjølv når ting ryk, seier ein oppgitt Kjell Erik Rotevatn.
Bondhus er heilt samd og reknar ut at dei kunne spart store summar i forsikring og vedlikehald:
– Hadde vi berre kunna kutta ut manuell opplæring, kunne vi solgt tre-fire bilar i morgon Då hadde vi site att med eit heilt anna utgiftsbilete på månadsbasis.
Reknestykket
Rotevatn har rekna ut nøyaktig kor stort det økonomiske utslaget blir på grunn av den manuelle bremsen
– Når dieselen ligg der den gjer og bilen brukar 0,6 til 0,7 på mila, kostar det oss mellom 16 og 17 kroner per mil å køyre fossilt. Til samanlikning ladar vi elbilane på eigne stasjonar. Då landar elbilen på fem kroner mila. Dieselbilen kostar altså meir enn det tredobbelte i drift.
– Noreg skal liksom leie an i det grøne skiftet. Med tanke på dette, sit vi altså og blir tvinga til å køyre rundt i ti år gamle dieselbilar på grunn av dette. Politikarane burde ta seg ein kikk i spegelen av og til. Men kva veit vel eg? Eg er jo berre ein trafikklærar på bygda, og meg er det ingen som spør, seier Rotevatn med ironisk tone.
Foreldra gjer lappen kunstig dyr
Begge køyreskuleleiarane opplever kvar einaste veke at foreldre ringjer og insisterer på at barna deira må ha manuelt førarkort. Men dette blir ofte ei bjørneteneste for lommeboka.
– Veldig mange av elevane har overhovud ikkje moglegheit til å øve på manuellgir heime, fordi foreldra har elbil eller automat. Då må dei lære alt frå botnen av hos oss. Lappen blir mykje dyrare, og foreldra blir sure på oss for prisen. Men kven sin feil var det eigentleg? spør Rotevatn.
Bondhus fortel at dei prøvar så godt dei kan å råde folk til å velje automat, og trekkjer fram eit ferskt døme på ein elev som han meiner valde ein smart taktikk.
– Ho valde å køyre opp på automat fyrst, berre for å vere heilt sikker på å bestå på fyrste forsøk. Så får ho heller ta manuell kurset etterpå om ho treng det. Det er ein mykje betre veg å gå.
Nærmar seg 40 000 kroner
Det tøffe kostnadsbiletet med auka drivstoffprisar, eksplosjon i forsikringspremiar og generell prisauke gjer at prisane på køyretimar blir pressa opp.
– Før justerte vi prisen ein gong i året, no har det vorte ei til to gonger, seier Bondhus.
– Vi synest overhovud ikkje det er gøy, for vi høyrer ofte at det er dyrt. Men marginane våre er ikkje så gode at vi kan la vere om vi skal ha trygge arbeidsplassar.
Prisen for førarkortet på Sunnmøre har endra seg drastisk dei siste åra.
– Før kosta lappen gjerne mellom 25 000 og 30 000 kroner på Sunnmøre. No er vi fort på 35 000 til 40 000 kroner, og nærmer oss ei smertegrense, advarer Rotevatn.
Statens vegvesen: – Endrar ikkje tilsynsplanar
Køyreskuleleiarane på Søre Sunnmøre etterlyser politisk vilje og tydelegare rammer for bransjen i ei tid der det økonomiske presset aukar. Spørsmålet er om det tøffe kostnadsbiletet endrar korleis styresmaktene følgjer opp køyreskulane.
Seksjonssjef Sigve Olav Austenå i Statens vegvesen opplyser at økonomien i bransjen ikkje får konsekvensar for korleis dei kontrollerer skulane.
– Tilsyn endrar ikkje sine tilsynsplanar basert på eit økonomisk press i bransjen. Vi målrettar innsatsen mot område som skal sikre at elevane får god kvalitet på den opplæringa dei er pålagde, seier Austenå.
He forklarer at Vegvesenet i staden rettar kontrollane sine etter andre kriterium.
– Vi målrettar våre tilsyn basert på tidlegare funn, og tips frå publikum.
Sjølv om lokale skular på Sunnmøre kjenner på knivskarpe marginar, viser dei nasjonale registrane til Statens vegvesen ein stabil bransje på landsbasis.
– Det er 1090 godkjende trafikkskular som er aktive per i dag. Talet har halde seg nokså jamnt i mange år, seier Austenå.
Høyre: – Eit tydeleg skilje mellom lokal og nasjonal politikk
Medan køyreskulane etterlyser akutt drahjelp frå staten, må lokalpolitikaren langt på veg innrømme at det grøne skiftet på Sunnmøre kolliderar med den faktiske kvardagen til distriktsungdommen.
Sindre Rotevatn, lokalpolitikar for Høyre i Volda, stadfestar at høge drivstoffprisarer er eit problem for både køyreskular og innbyggjarar.
– Dette handlar ikkje om kommunepolitikken i Volda, og drivstoffavgifter er det ikkje noko vi kan gjere med lokalt.
Han forklarer vidare at dagens drivstoffprisar i stor grad er påverka av internasjonale forhold på marknaden, og at Høyre sentralt har teke stilling til dei nasjonale drivstoffavgiftene.
Krasjar med kunden sine behov
Volda-politikaren trekkjer fram at ladeinfrastrukturen i kommunen har vorte god, noko som gjer det teknisk mogleg for bedrifter å leggje om dersom behova deira stemmer overeins med det.
– Køyreskulane vil sjølvsagt spare mykje pengar viss dei kan køyre elbil. Det er vesentleg billegare å køyre med elbil enn med fossilbil. Men kor stor kapasitet dei treng for sine bilar, må nesten køyreskulane sjølve svare på, seier han.
Han skjønar at køyreskulane sitt behov for å spare pengar krasjar med folk sitt behov for manuellappen i distriktet.
– Køyreskulane må nok ha moglegheit for å drive undervisning på fossilbilar med manuelt gir så lenge behova i distriktet er der, avsluttar Sindre Rotevatn.