Forskningsdagane og tillit til norsk oppdrett
Kan vi ha tillit til norsk oppdrettsnæring? Det er eit av fleire tema under årets forskningsdagar.
VOLDA: Forskingsdagane på Høgskulen i Volda har offisielt starta. Frå onsdag denne veka og dei neste elleve dagane skal det vere ulike arrangement kvar dag. Du kan vere med på rørsleleik for barn, lære litt om korleis du lagar flatbrød eller høyre ei rekke foredrag rundt omkring i Volda.
Temaet for årets festival er tillit, der dei blant anna skal prate om fiskeoppdrett, seier Naza Qadir. Ho er leiar for kommunikasjonsforeninga i Volda Studentlag, og fortel at studentar veit for lite om fiskeoppdrett. Dette til trass for at det er ei av dei største næringane vi har her i landet.
Ho trur at ei av årsakene til denne mangelen på kunnskap er at mange kan vere redd for å seie kva dei meiner. Dette er ein av grunnane til at dei har valgt å invitere forskarar og fagfolk hit til Høgskulen til ein open debatt om norsk fiskeoppdrett.
Foredragshaldar og doktorgradstudent ved UiO, Charlotte Hildre, har akkurat fortalt om forskinga hennar kring konfliktene knytt til oppdrettsnæringa.
På spørsmål om kvifor laksenæringa er relevant for temaet tillit svarer ho:
Det handlar om tillit til både næringa og om media klarer å dekke næringa på ein balansert måte.
Ho studerer retorikk og det er debatten kring lakseskatt som er hennar tema for doktoravhandlinga.
Hildre merker at det har skjedd ei endring i debatten om oppdrett generelt, og at den har blitt meir balansert og eit tema som opptar fleire enn før.
- Laks har blitt ein kvardagsråvare for mange, til dømes i samanheng med sushi. Med det har fleire fått større interesse av tema.
Ho var godt nøgd med stort oppmøte og er takksam for å kunne kome til høgskulen og snakke om det ho har valgt å dedikere doktorhandlinga si til.