Julie Garmo (21) trenar på å skrive artiklar for Nærrnett.

Førsteklassingane tek over redaksjonen

Journalistikkstudentane ved Høgskulen i Volda er snart klare med minipraksis i fire dagar.

Publisert Sist oppdatert

Redaksjonen i Nærnett får nye impulsar når journalistikkstudentane i første klasse tek over frå måndag 22. november til torsdag 25. november.

Ein av desse journalistikkstudentane er Julie Garmo (21) og ho ser fram til ein lærerik minipraksis.

- Vi blir på ein måte kasta ut i dette, så læringskurva kjem til å vere bratt.

Denne minipraksisen skal vere ei lita innføring før den store praksistida over nyttår, der ein skal arbeide som nettjournalistar på heiltid.

Folk på Søre Sunnmøre får dermed nokre ekstra artiklar frå Nærnett i haust.

Har du eit tips til oss? Kontakt oss på Facebook eller nett@hivolda.no.

Powered by Labrador CMS