Jakta på den beste fotballbana

Sunnmøre fotballkrets består av mange ulike klubbar og baner. Her er ei rangering ti av fotballbanene på Søre Sunnmøre ut ifrå følgjande kriterium: tribune, namn på stadion, klima/miljø, underlag, identitet og estetikk og x-faktor.

Publisert

Kristian Lillebø er keepertrenar for herrelaget til Volda i 3. divisjon. Som trenar og tidligare spelar har han god kjennskap til dei ulike fotballbanene på Søre Sunnmøre.

– Eg har vore mykje på kampar både i Innlandet og i Trondheim. Spelmattene på Søre Sunnmøre ligg langt over snittet. Det er mange store klubbar som har elendige baner.

VOLDA: Kristian Lillebø synast banene på Sunnmøre har høg kvalitet.

Vidare fortel han at det er kjekt at fleire og fleire klubbar får tribuner, då særleg tribuner med tak. For spelarane meiner Lillebø av det viktigaste er kvaliteten på graset, og han må innrømme at han er stor fan av baner med gummigranulat. Reint praktisk tenkjer han at det er ein fordel at det ikkje er langt å gå frå garderobe til bane. Beligenheita til banene på Sunnmøre er heller ikkje noko å skryte av, meiner Lillebø.

– Eg er ikkje heilt fan av plasseringa av banene, eg synest dei gjerne ligg litt skjult. Mange kunne med fordel hatt banene på eit litt finare område. Og gjerne ein varmare plass.

Dagleg leiar i Ørsta fotball, Carl Henning Biørnstad, er imponert over banene på Sunnmøre.

– Mange klubbar har anlegg med både kunstgrashall og fleire baner. Eg er også imponert over vedlikehaldet av banene, med tanke på vêret her på Sunnmøre.

ØRSTA: Dagleg leiar i Ørsta er imponert over banene på Sunnmøre.

Biørnstad er frå Oslo og synest det er fleire ting som har overraska han når han flytta hit. Han trekkjer fram at i Oslo er det veldig sjeldan ein ser kunstgrashallar. Det som kjenneteiknar ei god fotballbane er atmosfæra, i form av tribuna og rammene rundt bana.

– Ein må tenkje litt utanfor sidelinja.

Tore Vinjevoll er stor fan av lokalfotballen. Som både trenar og far har han god kjennskap til dei aller fleste banene på Søre Sunnmøre.

ØRSTA: Det er nok ikkje mange som brukar like mykje tid som Tore på ulike baner på Sunnmøre.

– Både Ørsta, Hødd og Hovdebygda har veldig gode baner. Likevel er det ein eigen sjarm å kome til dei små banene, for der vert ein tatt veldig godt imot.

Der skjer ikkje så mykje, så når det først er kamp kjem heile bygda for å sjå på. Då får ein servert både kaffe, frukt og myggspray, seier Vinjevoll.

– Eg spelte mykje på grus, ingenting som heite kunstgrasbane då, no er det strøkne stoveteppe stort sett over alt.

Variasjonen er stor mellom dei ulike stadiona. Nokre baner er store, har høg kapasitet på tribuna og nye lysanlegg. Andre er små, har grasbakkar som tribune og manglar vedlikehald.  Vurderinga av dei ulike fotballbanene lenger nede i teksten, er ei blanding av fakta og journalisten sine personlige meiningar, og må difor lesast deretter.

FOLKESTAD STADION

Folkestad stadion (Folkestad). Når du trur du har køyrt for langt, så skal du køyre litt lenger. Då kjem ein fram til Folkestad stadion ifølgje rykta. Når du køyrer opp grusvegen frå fergekaia, forbi ein gard og gjennom ein skog ser du plutseleg ein stadion kome til syne midt blant trea. Bana er ikkje av det store slaget. Ved sida av ei grusbane ligg kunstgrasbana på beskjedne 60 x 40 meter. Dette er bana for dei som likar det lite, tett og intenst. Her kjem du tett på både med- og motspelarar. Ein kveldskamp hadde truleg vore koseleg her, men belysninga er berre på 10 lux, så her gjeld det å halde auge på ballen, så lenge du kan. Folkestad stadion hamnar på ein tiande plass.

TJØRVÅG STADION

Tjørvåg stadion (MTG). Bana er på 107 x 66 meter og har ei belysning på 200 lux, så her ligg alt til rette for nokre heite lokaloppgjer. Bana gjer jobben sin og legg til rette for at også spelarane skal få gjort det. Bana har kunstgras med plasthaldig innfyll, noko som gjer det mogleg å spele på bana heile året uten for mykje teikn til slitasje. Praktisk? Ja. Miljøvennleg? Langt i frå. Dette gjeld dessverre dei aller fleste banene i rangeringa. Tribuna derimot består av betongbenkar. Dette er praktisk, solid i all slags vêr og vil truleg vare i mange år fram i tid. Sit du her på ein kald vinterdag kan du bokstaveleg talt fryse av deg rumpa. Så her er medbrakt sitteunderlag eit must. Tjørvåg stadion hamnar på ein niande plass.

HAREIDSMYRANE

Hareidsmyrane (Hareid). Denne bana er på 100 x 64 meter, noko som gir rom til fine angrep og lange klareringar. Bana har ei belysning på 200 lux. Tribuneforhalda er meir av det sjarmerande slaget. På eine langsida er der ei ny, lita og koseleg tribune. På motsett side er der ei tribune av tre som verkeleg gir bana eit snev av klassisk norsk fotballromantikk. Tribuna er ikkje enorm, men den er ganske høgt oppe, noko som gir god sikt til publikum. Nesten så ein får følelsen av å sitje på VIP, utan at billettprisane speglar dette. Namnet på stadion minner om ei ordentleg sunnmørsbane og er både solid og tradisjonelt. Underlaget skaper nok ikkje dei største overskriftene, men er heller ikkje noko å klage på. Hareidsmyrane hamnar på ein åttande plass.

RIVER PLATE STADION

River Plate (Gurskøy). River Plate stadion i Gursken vart opna i 1978. Same året som Argentina vant VM, på sjølvaste River Plate stadium i Buenos Aires! Her gjekk det truleg ei inspirasjonsbølgje heilt frå Sør-Amerika til søre Sunnmøre. Bana er ikkje den aller største og har eit mål på 100 x 60 meter. Dette fører til tettare duellar og ikkje mykje rom for unnskyldningar. Når ein går inn på bana er der fleire skilt som viser at du har kome til River Plate stadion. Sjølvsagt må ein spele på namnet når ein kan spele på lag med argentinsk VM-historie. Belysninga er på 300 lux, dette held nok til kveldskampane til Gurskøy, men du merkar kanskje då at dette er River Plate på Sande, ikkje i Buenos Aires under ein VM-finale. Stemninga må nok lagast sjølv. River Plate hamnar på ein sjuande plass.

VOLDA STADION

Sparebank 1-bana (Volda). 100 x 64 meter med fint kunstgras. Kanskje ikkje ideelt med granulatar så nær både elv og vatn, men bana gjer jobben sin når det kjem til å halde standard til spelarane. Belysninga er på 200 lux, noko som held til kveldskampar på dette nivået. Tribuna er høgt nok oppe til at ein har god oversikt, men lågt nok nede til at ein framleis høyrer kva dommaren får høyre. Det er ingen tvil om kven som har sponsa bana, sjølv om namnet ikkje er det mest poetiske. Ei bane som kunne klatra på lista hadde det ikkje vore for alle stolpar og sikringsbokser som dekkjer alt av utsikt frå tribuna. Så her kjem du for stemninga, for kampen ser du ikkje mykje av. Sparebank 1-bana hamnar på ein sjette plass.

HAVILA STADION

Havila stadion (Bergsøy). Bana er på 100 x 64 meter og har eit nytt, fint kunstgrasdekke. Belysninga er på 200 lux, nok lys til ein kveldskamp utan at du treng solbriller. Tribuna er stor og har raude sete som matchar fargen Bergsøy har på draktene. Friidrettsbana rundt fotballbana gjer at avstanden til bana kan vert alt for stor, men om ein sett seg høgt nok oppe skal ein likevel få god oversikt over spelet. Havila stadion er prega av dei raude klubbfargane og logoen deira er å sjå fleire plassar. Det er ikkje tvil om at dette er Bergsøy sin stadion. Havila stadion hamnar på ein femte plass.

AURSTAD ARENA

Aurstad Arena (Ørsta) . Bana måler solide 103 x 63 meter. Tribuna på Aurstad Arena er heilt ny med seter og tak slik at publikum kan sitte komfortabelt gjennom 90 minutt. Her kan supporterane forlate stadion uten å vere gjennomblaute, noko som slett ikkje er ei sjølvfølgje på søre Sunnmøre. Tribuna er delt på midten med eit skilt av Ørsta sin logo samt visjonen deira: «Ein arena for alle og rom for den einskilde». Belysninga på stadion er på 200 lux og der er til og med lys som kjem frå taket på tribuna. Bana har fått sponsornamn, dette gir nok poeng i reknskapen sjølvom det ikkje gir det i sjarm-konkurransa. Bana manglar x-faktor og noko som gjer at den skil seg ut. Ei god bane som held nivået til divisjonane både A-lag damer og herrar spelar i. Aurstad Arena hamnar på ein fjerde plass.

LARSNES STADION

Larsnes stadion (Larsnes). 105 x 65 meter med naturgras er noko som gledar fotballhjartet. For å kome seg mellom dei to banene på Larsnes må ein ta turen gjennom skogen. I fint vêr vert dette ein kosleg tur, men i ekte vestlandsvêr kan nok stien mellom dei to banene følast litt vel lang. Hovedbana ligg fint til i utkanten av skogen. Med høge tre på alle sider vert både vegen til bana og sjølve bana litt eventyrleg. Når ein ser klubbhuset til Larsnes er du ikkje lenger i tvil om du har kome til rett plass. I knall gule og svarte Larsnes fargar skil den seg verkeleg ut i den grøne skogen. Dette skapar verkeleg identitet og gir bane eit skikkeleg særpreg. Ei bane ein verkeleg ikkje gløymer med det første. Sjølv om du kanskje går deg litt vill i skogen, merkar du verkeleg alvoret i breddefotballen når du først kjem til bana. Larsnes stadion hamnar på ein tredje plass.

GULLHØNA

Gullhøna (Hovdebygda). Det er ingen som kan klage på dårleg sikt på denne bana, ikkje spelarar og ikkje publikum. Hovdebygda har eit imponerande lysanlegg (til å vere ein breddeklubb) som gjer bana spelbar døgnet rundt. Belysninga er på 400 lux, så her bør publikum vurdere solbriller på ein kveldskamp. Målet på bana er på heile 105 x 68 meter, og er ei av dei beste mattene på heile Sunnmøre. Gullhøna er ei av få baner på Sunnmøre som er brei nok til at ein kan spele niar-kampar på tvers av bana. Her er det rom for både lange krossballar, men kanskje litt for mykje rom for dei som mistar markeringa si. Gullhøna hamnar på ein andre plass.

HØDDVOLL

Høddvoll (Ulsteinvik). 105 x 68 meter med rein fotballautoritet. Her er ingen konkurranse når det kjem til det tekniske på og rundt bana. Høddvoll stikk av med sigeren før dei andre rekk å skru på flaumlysa. Med ei belysning på heile 1400 lux ligg dei langt framfor resten av klubbane på søre Sunnmøre. Dette flaumlyset kunne vore nok til å arrangere både kveldskampar og rockekonsertar (om det skulle vore ynskje for det). Om førstetouchet sviktar er det ingen som kan skulde på mørket i vertfall. Underlaget er det heller ikkje noko å klage på, ballen rullar akkurat slik den skal og bana unngår synlege teikn etter nokre saftige sklitaklingar. Stadion er funksjonell og ryddig, men manglar litt sjel og identitet for å skilje seg heilt ut frå nivået dei spelar på. Både tribuna og innbytarbenkane held god stand og publikum kan sitte både tørt og godt. Høddvoll hamnar på ein første plass.

Powered by Labrador CMS