PÅ KRYKKER: Fotballdommar Kåre Fjørtoft støttar seg for tida på raude krykker, men han satsar å vere tilbake med dommardrakta på fotballbana til hausten.

Fotballdommar Kåre Fjørtoft (79) snart klar for sin 47. sesong

Kåre Fjørtoft (79) har vore fotballdommar i snart 47 år. Nå sit han med beina høgt etter sin sjuande kne-operasjon. Fjørtoft satsar på å vere tilbake med korta i lomma og fløyta i handa til haustsesongen.

Publisert Sist oppdatert

SANDE/LARSNES: Kåre Fjørtoft bur på Larsnes, men er oppvokst på Hareid. Han var aktiv fotballspelar til 1974. Sjølv om han slutta å spele fotball for 48 år sidan, var han ikkje heilt ferdig med fotball. Frå 1975 og utover har han vore fotballdommar, der han blåst i gong kampar både lokalt og utanfor landegrensene.

For tre veker sidan opererte han eine kneet sitt. Nå skal han trene seg opp igjen slik at han kan dømme fotballkampar i haust, og gå inn i sin 47. sesong som fotballdommar.

Kåre Fjørtoft dømmer kamp på Høddvoll stadion.

– Ein god dialog er viktig

Kåre Fjørtoft skildrar seg sjølv som ein altfor snill dommar. I løpet av si karriere har han berre tatt opp det raude kortet to gongar.

For han er det viktigaste å halde ein god dialog med spelarane.

– Dei eg dømmer kan gjere feil. Det kan for eksempel vere ei stygg takling. Då snakkar eg litt med dei, viser kva dei skal gjere, og så får dei få lov til å prøve på nytt. Etterpå får dei ein tommel opp eller ein klapp på skuldra, fortel Fjørtoft.

– Eg er ikkje berre dommar. Eg er også litt ein rettleiar, legg Kåre til.

I etterkant av kampar har Kåre Fjørtoft opplevd å bli huska av tidlegare spelarar som han har dømt.

– Mange gongar når eg møter folk som eg dømde for 30-35 år sidan er det akkurat det dei seier. "Du gav oss alltid ein sjanse", seier Fjørtoft.

I tillegg påpeikar Kåre at ein vinn sjølv på å ha ein god tone mellom dommar og spelarar.

Stor glede

Fjørtoft estimerar at han har dømt mellom 1500 og 1600 kampar. Dette trivst han godt med.

– Eg synes alt er kjekt med å dømme og eg har fortsatt glede av det , seier Fjørtoft.

I tillegg fortel han at det er ekstra gøy å dømme kampar for spelarar med funksjonshemming.

– Det er fantastisk å sjå den gleda og iveren dei viser. Det er så kjekt å sjå korleis dei tek vare på kvarandre. Det er likegyldig om dei taper eller vinner. Dersom motstandaren skårar mål jublar dei andre like mykje som dei skårar mål. Det er stort, fortel Fjørtoft.

Fotballdommar Kåre Fjørtoft i sitt rette element.

Vil fortsette til han er 80 år

– Eg har eit mål om å ta igjen ein fotballdommar frå Vanylven som dømte til han var 80 år. Så eg skal dømme neste år også. Etter det får ein sjå korleis helsa er då, seier fotballdommaren, etterfulgt av eit lurt smil.

Vidare fortel Fjørtoft at han ønsker å ha det kjekt med dømminga og hjelpe til.

Fritid

Fjørtoft har gjennom store delar av livet sitt vore engasjert i idretten. Han har blant anna vore med på å starte Gursken idrettslag og Larsnes/Gursken Fotballklubb. I tillegg har vore trenar for sonen sin, Jan Åge Fjørtoft, som er ein kjent sportskommentator, fotballtrenar og tidlegare landslagspelar.

Kåre estimerer at han har til nå dømt mellom 1500 og 1600 kampar for både store og små. Trass i den tidkrevande interessa har han vore engasjert på andre arenaer som i politikk og kor.

– Eg er medlem i fylkeseldrerådet, og eg er leiar for seniorane i mitt politiske parti, opplyser Kåre Fjørtoft.

I tillegg syng han i to kor og han har vore med å starte opp det eine koret han er med i.

– Å synge i kor og ha det kjekt der er viktig for meg, avsluttar Fjørtoft.

Powered by Labrador CMS