FRIDYKKING: Mykje av det fine under vatn kan ein finne på to til fem meters djup, slik at ein kan dykke utan tank. Her viser Bjørnar Torvholm Sævik dykkerteknikk.

Vil gjere fridykking til ein folkeaktivitet

Duoen Marko Polter og Bjørnar Torvholm Sævik har nå kjøpt inn nytt dykkerutstyr for å gjere havet meir tilgjengeleg for alle.

Publisert
SØRE SUNNMØRE: Her er det vakkert både over og under vassoverflata

ULSTEIN: Havet under Eiksundbrua glitrar i ettermiddagssola i det Bjørnar Torvholm Sævik kaster seg ut i vatnet. Bølgene slår mot brygga. Sævik festar dykkermaska og set snorkelen i munnen før han legg seg horisiontalt i vatnet. Plutselig dykker overkroppen ned og svømmeføtene peikar mot himmelen. Snart er også dei forsvunne ned i havet.

Det er dette Sævik og samarbeidspartnaren Marko Polter vil gjere tilgjengelig for alle ved å skaffe ein utstyrspark der dei som ønskjer kan låne nødvendig utstyr gratis.

Stor overrasking

Nå har dette blitt realitet då Njord Freediver, som er underlagt Herøy dykkerklubb, nettopp mottok 30.000 kr i støtte av Sparebank1.

– Me tykkjer dette er eit flott tiltak som kan gjere at fleire kan få sjå det fantastiske som er under havoverflata her, seier Henning Karlsen, banksjef i Sparebank1 Søre Sunnmøre i Fosnavåg.

Denne støtta kom som ei stor overrasking på oppstartarduoen.

Sævik og Polter har kjøpt inn ein del nytt utstyr med pengar dei allereie har samla inn. Støtta frå Sparebank 1 vil gå til meir utstyr, og vil dessutan vere ein «buffer» konto då dei vil måtte reparere utstyret etter kvart.

Høyr meir om kvifor Sævik og Polter vil skape dette tilbodet, og kvifor dei elskar fridykking i radioreportasjen her:

Sjå også korleis kveldsdykket under Eiksundbrua var:

Powered by Labrador CMS