LITA GRUPPE: Ørsta vaksenturn ønsker fleire medlemmer.

– Eit bra tilbod for oss som ikkje vil satse

Ørsta IL arrangerer vaksenturn kvar måndag og torsdag. Tonje Lennavik (24) var på si første trening måndag kveld. 

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: – Det gjekk eigentleg veldig fint. Eg likte at ein kunne ta ting i sitt eige tempo. Eg har dansa i oppveksten, men aldri turna. Eg opplevde det som eit lågterskel tilbod, seier Lennavik. 

Det var forskjellige nivå i gruppa, men trenaren var flink til å tilretteleggje slik at alle fekk halde på med det dei ville på sitt eige nivå. 

NØGD: Tonje Lennavik kunne tenkt seg å vera med på vaksenturn igjen.

Få fritidstilbod for vaksne

– Ofte må ein satse på sporten dersom ein vil vera med på ein fritidsaktivitet etter ungdomstida. Eg har sakna noko som er for vaksne, men som samtidig er lågterskel, seier Lennavik.

Dagny Juuhl (17) har vore med på vaksenturn i om lag eit år no. Ho fortel at det ikkje var noko tilbod for ungdomar i Ørsta for å halde på med turn.

I FULL STREKK: Dagny Juuhl vil oppretthalde triksa sine.

– Det var anten cheerleading eller vaksenturn. Då blei det vaksenturn på meg. Målet mitt er å vedlikehalde ferdigheitene.

Som ein av dei yngste på vaksenturn, fortel Juuhl at det er eit fint miljø å vere ein del av.

OPP NED: Nokre stod meir på hendene enn på beina.

Fokus på samhald i gruppa

Børge Osvoll var ein dei viktige stemmene som var med på å starta tilbodet sesongen 22/23. Sidan har dei vore ei lita kjerne som har trena saman to gonger i veka. Osvoll ønskjer at fleire skal finne turngleda.

– Det viktigaste er å ha det kjekt med turn. Me legg vekt på samhald i gruppa. Eg vil at folk skal setje seg mål for seg sjølv, uansett om dei er store eller små, for å oppleve meistring. Me er ei lita gruppe og me ønskjer gjerne at fleire skal vera med oss.

ENGASJERT: Børge Osvoll har vore med på å starta gruppa.

– Ein assosierar ofte turn til risiko og skadar, men her gjer me alt på eit behageleg nivå. Me startar ofte med ei felles oppvarming med grunnleggande øvingar. Etterpå held me på med det me vil øva på.

Erfaren trenar 

Håkon Kalvatn er trenar for vaksenturn. Han er idretts-student ved Høgskulen i Volda.

– Eg blei tipsa om jobben av ein høgskulelærar. Då tenkte eg at dette var noko for meg. Eg har turna i om lag elleve år og synes det er veldig kjekt. Hausten 2022 byrja eg som trenar.

TRENAR: Håkon Kalvatn trivst i trenarrolla.

Kalvatn har ein klar beskjed til turnglade innbyggjarar på søre sunnmøre:

– Turn ser kanskje skummelt ut, men alt kan tilpassast. Det er fleire i gruppa som ikkje har turna noko særleg før. Denne gruppa er for alle som har lyst til å turne, uansett nivå.

Powered by Labrador CMS