Fryktar nedlegging av Øya

Sande kommune har vedtatt å kutte i budsjettet. Dette har ført til nedlegging av tenester ved aktivitetssenteret. No fryktar brukarane for framtida.

Publisert

SANDE: Øya aktivitetssenter ligg inne på Sandetun omsorgssenter på Larsnes. Her kan dei som bur på Sandetun og eldre i Larsnes treffast og vere sosiale i lag.

Dette skriv Sande kommune om Øya på sine heimesider: 

Øya aktivitetssenter er samlingstad for bebuarar på Sandetun omsorgssenter, brukarar av pleie og omsorgstenester og for alle andre som vil kome innom å treffe folk eller delta på kjekke aktivitetar.

FRUSTRERT: Else Marie Rekdal synest aktivitetssenteret er ein viktig samlingsstad

Sande pensjonistlag er misfornøgd

Sande pensjonistlag sende eit brev til kommunen om vedtaket. 

Else Marie Rekdal er ein av avsendarane av brevet. Ho seier dei reagerte på at kommunen vel å kutte i tenester for folk som har lite aktivitet i kvardagen.

– Vi bad kommunen om å lese opp brevet på kommunestyremøte, men det vart berre referert til. Det var veldig skuffande.

Ho har ein klar beskjed til kommunen.

– Dei må klare å finne pengar til tilbodet, det var vår meining med brevet.

Robek-registrert

Sande kommune vart ROBEK registrert våren 2025. Dette har ført til eit behov for strengare økonomisk styring. 

På kommunestyremøte førre veke var det snakk om 40 millionar kroner som «manglar». Tiltaka for å hamne i økonomisk balanse, går utover lokalsamfunnet.

 Sjå tv-reportasja om Øya aktivitetssenter øverst i saka. 

Powered by Labrador CMS