GLEDE: Monica Stokken gler seg over å ha kaffien tilbake.

– Godt å ha dei tilbake

Då Monica fekk vite at Helge og Randi skulle tilbake bak baren, byrja tårene å trille. Torsdag sto ho i kø for å få ein etterlengta kopp med kaffi.

Publisert Sist oppdatert
HJARTE: Kaffi laga med kjærleik

ØRSTA: Monica Stokken var fast stamkunde på Fugl Føniks. No er vender ho forventningsfult tilbake til Stødt for å få Randi sin kaffi.

Når ho tenkjer på at Randi og Helge er tilbake under nytt namn, kjenner ikkje ho på noko anna enn glede.

– Eg blei så glad og euforisk at tårene berre rann.

Stokken fortel at der er andre kaffi- og serveringstilbod i nærområdet, men meiner at det ikkje er det same som tilbodet Fugl Føniks-gjengen har å tilby.

– Du fekk mat og du fekk liknande kaffi som på Fugl Føniks andre stader. Så sånn sett var det samme tilbodet. Men det var ikkje Randi og Helge.

– Kva er det som gjer at akkurat kaffien til Randi er så god?

– Kaffien til Randi er god fordi den vert laga med kjærleik. Det er atmosfæra som Randi og Helge lagar, og har skapt heilt sidan dei starta, seier Stokken.

(Saka fortsetter etter biletet)

TILBAKE: Randi Fischer Blichfeldt (t.v.) og Helge Blichfeldt er tilbake bak disken på Stødt i Ørsta.

Måtte stenge, men er no tilbake

I mai i fjor måtte kaffi- og spisestaden Fugl Føniks legge ned etter nesten 20 års drift. Randi og Helge Blichfeldt, drivarane av Føniks, vart fort sakna i Ørsta.

Tidlegare i år kunne Stødt bar & scene meddele at kulturscena hadde tilsett ekteparet Blichfeldt, som ein del av satsinga deira. Planen er eit tilbod på dagtid, gjennom konseptet frå tidlegare Fugl Føniks.

– Det er masse kjente ansikt, det er godt å vere tilbake, fortel Helge Blichfeldt med eit smil bak disken.

– Gull verdt

SPENT: Catic trur tilbodet blir bra for bygda.

Fungerande dagleg leiar ved Stødt, Kenan Catic, fortel at det er bra for Stødt å ha henta inn den kompetansa dei no har.

– Det er gull verdt. Det er absolutt ingen andre vi kunne henta inn som er betre, og som kan feltet sitt like godt som dei.

Vidare legg han til at tilbodet Stødt no kan levere, er noko heil anna enn tidlegare.

– Med tanke på tilbodet vårt i fjor, så dette er i alle fall ti tusen gongar betre med Randi og Helge.

Dei håper at det nye tilbodet ikkje berre vil gjere godt for Ørsta, men også bygdene rundt.

Sjå kaffien til Randi Blichfeldt her:

Sjå TV-saka frå nærynset her:

Powered by Labrador CMS