Eit nytt liv i hendene til geitebonden Hogne Homberset

Geitbonden vil at mjølka skal bli GOAT

Når kjeinga er på sitt mest intense, er også mjølkeproduksjonen på topp. Men med nedlegginga av ysteriet i Ørsta går ein lang tradisjon mot slutten for geitebonden Hogne Homberset i Volda.

Publisert Sist oppdatert

GOAT

GOAT er eit engelsk akronym for «Greatest Of All Time», som på norsk betyr «tidenes beste»

VOLDA: Høgsesong for kjeeing betyr også høgsesong for mjølkeproduksjon. Mjølken til Bonden Hogne Homberset brukast til kvit geitost som produserast på Ysteriet i Ørsta. Når Ysteriet i Ørsta leggjast ned blir det slutt på kvite geiteprodukta frå denne garden. Homberset leverer også mjølk til tineysteriet på Byrkjelo, dei produserar brunost. 

Geiteprodukta har eit ufortent dårleg rykte seier bonden. Før hadde geitost ein meir syrleg, stram smak som fleire synst var litt spesiell. Den nye teknologien innan meieri har gjort geitost meir mild i smaken. Osten har ikkje lenger den stramme typiske geitostsmaken som fleire forbinder den med. 

Daglegvarekjedene og lågpriskjedene ser ikkje geiteprodukta som noko volumprodukt og dermed er det vanskeleg å få det inn i butikkane. Det burde være sånn som i andre land, at det har ein status, at folk er villig til å betale for det og etterspør det. Så lenge det ikkje er sånn så er det veldig vanskeleg skape ein markands etterspørsel. Bonden håpar at geitemjølka kan bli marknadsført på ein ny måte. 

På geitegarden finn ein dei fyrste vårteikna

Geitegarden til Hogne Homberset, ligg nede med fjorden og tittar opp mot fjella på Hjartåbygda i Volda kommune. På geitegarden finn ein dei fyrste vårteikna. Bonden har allereie tatt imot 300 kje. Han er ein erfaren bonden, og han har vore geitebonde heilt sidan 2003. Garden har 300 geiter. Kvart år kjem 450 nye geiteliv til verda på garden hans. 

Homberset trudde ikkje det ville bli noko kjeing denne tysdagen. I dyreverden kan alt skje på få minuttar. Før me viste ordet av det var ein fødsel i gong, og nærsynet fekk med seg heile prosessen. Det kan ta alt i frå et augeblikk til ein time. 

Homberset forklarar at det er fyrste gongen ho kjeer så det kan vera litt vanskeleg for ho. Det går ofte lettare med gamle geit. 

Kjeeing og geitedrift:

- Ei geit går vanlig drektig i rundt 5 månadar

- Råmjølka som geita produserer etter fødsel kan ikkje brukast til vanlig mjølkeproduksjon. 

- Den vanelge kjeingsperioda er på ca 5 veker pluss nokon attpåklattar. 

- Den begynner ofte frå starten av februar til midten av mars.

Geita lå stille på sida og hadde rier. Heile fjøset var fullt av geitekillinger og geiteliv, under fødselen. Homberset gjekk over innheigninga og hjalp til da han såg at hovene til kjeet var på veg ut. Bonden tok fatt og drog heile kjeet ut. Utan nokon problem blei det født ei ny kje.

Han har så kraftige framføte. Kjende det var ei bukk før han kom ut, seier den erfarne bonden. Geitekillingen prøve å reise seg på føtene med ein gong. Det tek rundt fem minutt frå kjeet var født til han var oppe og gjekk. 

Mora og kjeet etter kjeinga
Powered by Labrador CMS