Teatergruppa varmar opp før dei går i gong med å være ulike dyr. Georg var ein T-Rex med store klør! Instruktør Martine Follestad til venstre.
Teatergruppa varmar opp før dei går i gong med å være ulike dyr. Georg var ein T-Rex med store klør! Instruktør Martine Follestad til venstre.

Georg (7) deltek i NRK-serie: – Det var ikkje sånn at eg gjekk til Oslo og ringde på

Da Georg Fagna-Breivik byrja i første klasse i fjor haust, foreslo mor Heidi Fagna at guten skulle starte på teater. Med på den første øvinga var sjølvaste NRK.

Publisert Sist oppdatert

– Han er ein typisk teaterunge, fortel mamma Heidi Fagna. Han liker å stå på ein scene, gjøgle, danse, synge og få applaus.

– Det beste med teater er å leike og møte nye venner, seier Georg (7). Eg gjekk i barnehage og går på skule saman med ein eg kjenner her, faktisk!

På den aller første teaterøvinga hans, var NRK med for å filme til dokumentarserien, «Eg går på». Serien er ein norsk dokumentar som presenterer ulike fritidsaktivitetar.

Georg var spent, uten at han veit kvifor, men kjekt var det.

No har han byrja på andre året med teater, og har hatt hovudrolla i to førestillingar.

– Før sommaren var eg haien Store-Bill!

Miljø å bløme i

Kvar måndag møter tolv unge lovande til øving i salen over kinoen på Volda samfunnshus.

Barna set i gang med ei rekke leiker, blant anna raudt lys, frys og speil.

– Eg likar spesielt godt å leike «tre ting» , fortel Georg.

Da tel barna til tre i kor, og spør kvarandre eit spørsmål etter tur.

OPPVARMING: Barna startar med å varme opp ansiktet. Dei gapar så høgt som dei kan for å bite over eit eple, og rynkar ansiktet saman som ei lita rosin.
OPPVARMING: Barna startar med å varme opp ansiktet. Dei gapar så høgt som dei kan for å bite over eit eple, og rynkar ansiktet saman som ei lita rosin.

– Tre ting du hadde tatt med deg hvis du var ei rotte i kloakken? spør Georg og knisar. Dei andre barna ler med.

Martine Follestad (25) er instruktøren i teatergruppa. Ho har ein bachelor i drama og teater frå Høgskulen i Volda i ryggsekken.

– Ikkje alle barn passar inn i fotball- eller handballmiljøet. Eg ser ofte at barn som i utgangspunktet er sjenerte og litt redde av seg, blømer her, seier Follestad.

– Det er viktig for meg at barna føler tryggleik og synest teater er kjekt. Det gir meg glede å sjå ulike barn og deira utvikling frå gong til gong.

Sceneskrekken stoppar han ikkje

Teatergruppa skal snart planlegge juleførestilling.

I fjor spelte Georg i «Guten som sat fast i akebakken». Både den, og historia om Store-Bill, har borna regissert sjølve.

– Barna finn innhald og eg syr det heile saman. Eg lar dei styre så og seie alt, fortel Follestad. Ho let ungane bestemme sjølve kva dei vil vere, og så diktar dei rammene rundt.

Georg skjærer grimaser saman med teatervenninne Kristine Eskeland Ulvestad (8).
Georg skjærer grimaser saman med teatervenninne Kristine Eskeland Ulvestad (8).

Georg fortel at han har sceneskrekk - trass i hovudrollene.

– Det er fordi eg blir litt flau av og til, men eg likar teater uansett.

Han fortel at fyrste gongen blei han flau mens alle folka sette seg før førestilling. Han trur sceneskrekken går ut på å bli sett på.

– Eg trur vi andre heller vil seie det er ein bitte liten nervøsitet, seier mor Heidi Fagna.

Gullkorn frå barnemunn

Det heile byrja med at ho posta morosame gullkorn fra sonen på Facebook. Derifrå var det nokon som sende NRK eit tips. Innspelinga gjekk føre seg i fjor haust, og episoden ligg allerede ute på nett.

– Det var ikkje sånn at eg gjekk til Oslo og ringte på, seier Georg, på spørsmål om korleis det gjekk til at han fekk vere med i TV-serien.

Heidi Fagna fortel at responsen til Georg har vore delt.

– Han synes det var helt greitt da NRK var her og filma, det gjekk bra, men han higar ikkje voldsomt etter kjendisstatus.

Fagna fortel at ungane i klassen har sett programmet fleire gongar, og synes det er veldig stas. Fleire av klassekameratane er med i episoden og på øvinga. Ho trur sonen synes det er greitt at folk seier dei har sett han på TV, men at han ikkje alltid veit kva han skal seie til det.

Mens Georg var ein T-Rex var Kristine ein meksikansk okse.
Mens Georg var ein T-Rex var Kristine ein meksikansk okse.

– Det var ei jente som sa det var kjekt å sjå meg

Det er tydeleg at barna i teatergruppa synes det er spennande å få besøk på øving. Nokon synes det er litt rart og.

– Det blir litt flauare å kome i avisa, for NRK er berre her i Norge, mens avisa er i heile verda nesten, seier Georg.

Men det er ikkje berre lokale som har sett episoden med Georg. Han har nemlig fått fans han ikkje kjenner eingong.

– Eg har fått ein fanpost. Ein video. Det var ei jente som sa det var kjekt å sjå meg, gøy og at eg var søt. Ho sa «Hade din søte Georg».

– Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at eg mykje heller vil bli kalla kul, viss søt eller fin er alternativet.

Strukturert kaos

Dei vaksne er samde: Det viktigaste er at barna har det kjekt på teaterøving.

– Eg tenker teater gir tryggleik. Dei får vere seg sjølve og utarte seg etter visse grenser. Det er ein fin måte å vise kven ein er, seier instruktør Martine Follestad. Det gir meg glede å sjå ulike born og deira utvikling frå gong til gong.

– Det er en veldig flott arena for ungar å gjere noko anna enn andre type aktivitetar. Du har idrett og kor, veldig oppstilte ting, medan teater er friare, seier mor Heidi Fagna.

– Dei har jo oppsettet sitt, så når dei har førestillingar skal dei følge manus og gjere det som står i manus. Dei er med å lage førestillinga sjølve. Det er mykje meistringskjensle å lage noko som går an å framføre for folk, seier Fagna.

Ho omtalar teater som en god kombinasjon av både kaos og struktur.

Det var mor Heidi Fagna som tenkte at teater ville være noko for Georg.
Det var mor Heidi Fagna som tenkte at teater ville være noko for Georg.

Og mor hadde rett: teater var noko Georg kom til å like.

– Når eg er ferdig er eg litt glad for at eg blei ferdig, og litt lei meg fordi det var gøy, seier Georg om korleis det er å spille førestillingar.

– Først så vil eg ikkje, men så vil eg ikkje stoppe.

Episoden har premiere på lineær-TV 18. oktober.

Powered by Labrador CMS