MANGE ARRANGEMENT: The Nordic Floyd Show er eit av mange arrangement som skjer i helga.

Gode skiforhold og mykje å gjere denne helga

Mykje snø og kaldt vêr gir gode skiforhold i helga. Med både konsertar, temakafe og handballkamp er det mykje å glede seg til dei neste dagane!

Fredagsyssel

EG HAR ORD: Det blir god stemming på Stødt Bar&Scene på fredag.

Fredag er det mykje som skjer her på Søre Sunnmøre. På Stødt Bar og Scene er klart for premierefest for Runar Gudnason nye dokumentarfilm "EG HAR ORD". Han er frontfigur i rapgruppa Side Brok, og filmen har kinopremiere 10. mars. DJ Skatebård kjem tilbake til heimbygda for å skape god stemning utover kvelden.


På Herøy er det klart for ny temakafe på Sanitetshuset. Grunder Runder skal fortelje om sin barndom på Grasøyane fyr. Der budde han saman med foreldra sine frå 1938 til 1946. Det vert høve til å kjøpe både kaffi og kake. Påmelding innan torsdag klokka 15 til 99 22 99 82.


PINK FLOYD-TRIBUTE: The Nordic Floyd Show blir kalla Noregs beste tribute-band.

The Nordic Floyd Show har konsert på Sjøborg kulturhus i Ulstein. Det er 50 år sidan "The Dark Side Of The Moon" kom ut og no er det klart for konsert her i Ulstein. Det er det norske tribute-bandet The Nordic Floyd Show som står bak konserten. Dei har turnert i Noreg i over 20 år, og sjølvaste Roger Waters meiner bandet er "f***ing brilliant". Billettar kan kjøpast på Sjøborg si nettside.

Laurdagskos

På laurdag er det nok eit arrangement på Stødt Bar og Scene. Denne gongen er det Uncle's Institution som er klare med konsert og samtale. Egil Olsen tar med seg sine gamle bandkompisar, hogn3 på trommer og dr.svi på bass. No har debutalbumet deira kome på vinyl, og sjølv om det er 20 år sidan dei stod saman på ei scene, er bandet klar for konsert. Det vil bli både konsert, samtale, videoar og mimring tilbake. Billettar på Tikkio sine nettsider.

20 ÅR: Uncle's Institution hald konsert og samtale for fyrste gong på 20 år.

Sundagsaktivitetar

Sundag byr på både musikk og sport. I Ørsta kulturhus blir det konsert med Ørsta hornmusikk. Korpset har fått ny dirigent, og dei kan by på flott tonar med både filmmusikk, rock og balladar. Dei kan og by på ein marsj eller to. Konserten startar 16 og dei håper på fullsett sal.

NY KAMP: Volda Handball tek imot Byåsen til ny handballkamp sundag.

I Volda Campus Sparebank1 Arena er det klart for ny handballkamp mellom Volda og Byåsen. Volda ligg nedst i Rema 1000-ligaen og treng sårt nokre poeng mot topplaget frå Trondheim. Dei ligg på 8. plass i serien. Kampen byrjar klokka 16 og Volda Handball treng publikum til å heie dei fram.

Snøen gjer aktivitetar

Snøen har lagt seg over Søre Sunnmøre og det gir rom for fleire uteaktivitetar. Det ser ut til at alle skisentra vil ha ope i helga. Då gjeld det å kle seg godt. Ved Hornindal skisenter er det meldt -7 grader. Det vil og kome meir snø i løpet av helga.

Har du tilgang på bil og vil oppleve ordentleg konkurransestemning, er det klart for NM i skiskyting i Stryn i helga. Det vil bli gått løp både i junior- og seniorklassar, i fleire ulike distansar. Det vil bli gått løp både fredag, laurdag og sundag. Det er fleire løparar som går på heimebane for Markane IL.

Powered by Labrador CMS