TEKNOLOGISK JAKT: Termisk opptikk gjer det mogleg å jakte i mørket

Hjelpemiddel eller etisk dilemma?

Bruken av termiske kikkertsikte har endra hjortejakta i Noreg. I 2026 kjem nye nasjonale retningslinjer, men i Volda har teknologien allereie fått konkrete utslag.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: – Det er heilt sikkert ein samanheng. Det blir skote meir hjort då fleire har termisk sikte, seier Peder Magnussen.

PEDER MAGNUSSEN: Skog og viltansvarleg i Volda kommune

Han er skog- og viltansvarleg i Volda kommune og er sjølv eigar av termisk utstyr.

Effektivt om natta

Termisk sikte registrerer varmeforskjellar og gjer det mogleg å sjå dyr i mørket. På hjortejakt betyr det at ein kan jakte effektivt også når det er på det mørkaste.

– Før var det vanleg å skyte i skumring, grålysning eller i måneskin. No kan du skyte midt på natta. Du får mykje betre kontroll på vinklar, bakgrunn og kva slags dyr det er, seier Magnussen.

Ifølgje han blir rundt 70 prosent av hjorten i Volda felt på dyrka mark. Nettopp her har teknologien fått størst betydning.

– Du får ein mykje meir effektiv jakt. Det er eg ikkje i tvil om.

Fleire felte dyr, men kvifor?

Volda har hatt høge kvotar i fleire år, med mål om å redusere bestanden. Samstundes har talet på jegerar med termisk utstyr auka kraftig dei siste to–tre åra.

NY TEKNOLOGI: Betre presisjon medfører mindre skadeskyting

– Det er ein klar samanheng. Når fleire kan jakte effektivt i mørket, blir det også felt meir hjort, seier Magnussen.

Han understrekar at målet ikkje er å skyte mest mogleg, men å nå forvaltningsmåla kommunen har sett.

– Vi har hatt eit klart mål om å redusere bestanden. Termisk har vore eit viktig verktøy for å få det til.

Volda er heilt i norgestoppen når det gjeld felling av hjort. Statistikk viser at det blei felt 1 090 dyr i jaktåret 2024/2025, ein oppgang frå førårets 1 064 fellingar. Det omfattande uttaket er eit viktig grep frå forvaltninga for å halde bestanden berekraftig og begrense skader på jord og skog i kommunen.

Mindre skadeskyting?

Eit av dei sterkaste argumenta for teknologien handlar om dyrevelferd.

– Det er mindre skadeskyting med termisk, meiner Magnussen.

Han forklarer at ein får betre oversikt over vinklar og bakgrun, og at mange sikte har opptaksfunksjon som filmar før og etter skotet.

- Det gjer ettersøk meir oversiktleg. I fleire tilfelle kan ein raskt konstatere bom.

Samtidig erkjenner han at erfaringane kan variere mellom ulike ettersøkslag.

– Nokon opplever mindre skadeskyting, andre kanskje ikkje like tydeleg endring. Men du får i alle fall betre kontroll på situasjonen før du skyt.

Blir det for enkelt?

Men teknologien reiser også etiske spørsmål.

FOR ENKELT? Mange meiner termisk utstyr gjer jakta for lett.

Når ein kan oppdage dyr bak tett skog i totalt mørke, får dei då ein reell sjanse?

– Ja, dyra får nok mindre sjanse når ein kan lokalisere og skyte dei på nattetid. Det er heilt klart, seier Magnussen.

Han peikar på at det finst ulike haldningar i jegermiljøet.

– Nokon meiner dette gjer jakta for enkel. Andre meiner det er eit nødvendig hjelpemiddel.

Han meiner teknologien først og fremst er eit effektiviserande verktøy – ikkje ein snarveg.

Ulemper og avgrensingar

Termisk sikte er ikkje utan svakheiter. I skog kan det vere vanskeleg å oppdage kvist og vegetasjon, noko som kan skape utfordringar.

– Det er lettare å sjå dyr, men vanskelegare å sjå små kvistar. Difor er det forslag om at bruken skal avgrensast til dyrka mark, seier han.

Det er òg ein del av bakgrunnen for dei nye nasjonale reglane som no er på veg.

Nye reglar i 2026

I 2026 kjem ny viltressurslov. Forslaget som no er ute på høyring legg opp til eit generelt forbod mot termisk sikte, men med moglegheit for unntak.

Kommunar må i så fall dokumentere behov – til dømes beiteskadar eller høg bestand – for å få løyve i avgrensa periodar.

Magnussen er skeptisk.

– Det gir mykje ekstra byråkrati. Kvotene blir uansett styrt gjennom forvaltninga. Om hjorten blir felt med termisk eller på snikjakt, endrar ikkje talet på dyr som skal takast ut.

Han meiner det burde vere enklare.

– Anten må det opnast for bruk på dyrka mark, eller så må ein stole på jegerane.

Forslaget er sendt på høyring, og debatten går høgt – både lokalt og nasjonalt.

Powered by Labrador CMS