STØRRE OG FARELGARE: Jaktflåtten skil seg ut med sin storleik, og kan bli tre gonger så stor som vanleg skogflått.

– Vi er veldig på vakt

Milde kyst-vintrar og rekordhøg hjortebestand kan gjere Volda til den ideelle bustaden for jaktflåtten.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Klimaendringane gjer at ekspertar no er på vakt for den frykta jaktflåtten (Hyalomma marginatum). Med milde vintrar og ein av Noregs største hjortebestander, ligg Volda i risikosona dersom utviklinga fortsett. 

– Jaktflåtten skil seg frå den norske skogflåtten ved at ho både kan sjå og jage byttet sitt. Ho har betre syn og langt større fart, og kan difor springe etter oss, forklarar Randi Eikeland, leiar for Flåttsenteret. 

Flåtten kan halde ein fart opp mot 30cm i sekundet seier ho. 

PÅ VAKT: Leiar for flåttsenteret Randi Eikeland følgjer situasjonen og klimaendringane tett

– Medan den vanlege skogflåtten sit stille i graset eller i tre og ventar på at eit offer skal streife forbi, er jaktflåtten ein aktiv jeger som kan følgje etter menneske og store dyr over lengre avstandar. 

Arten høyrer opphavleg heime i varmare strøk som Sør-Europa og Tyrkia. Men nordgrensa flyttar seg stadig og vaksen jaktflått har allereie vore påvist i Sverige fleire gonger. I Noreg har jaktflåtten blitt oppdaga to gonger, mellom anna utanfor Oslo i 2021.

– Teoretisk moglegheit 

Eikeland understrekar at flåtten framleis ikkje har etablert seg i Noreg, og at risikoen for at dette skal skje med det første er låg. Det er dei kalde norske vintrane som held ho unna. Likevel følgjer ekspertane nøye med på utviklinga.

– Vi er veldig på vakt for at ho kan etablere seg her i Noreg viss desse klimaendringane som vi har no, held fram og det blir særleg varmt.

– Det er nok eit stykke fram til Volda, men teoretisk, ja, seier Eikeland.

FAGLEG FOKUS: Professor Snorre Stuen har forska på flått i ei årrekke. Han følgjer no nøye med på spredninga av jaktflåtten til Noreg.

Ho får støtte frå ein av dei fremste ekspertane i landet på flått og hjortevilt, professor Snorre Stuen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Han har sjølv eit ekte eksemplar av jaktflåtten ståande på eit spritglas på kontoret sitt.

– I biologien kan du aldri seie 100 prosent uansett, seier Stuen om sjansen for at ho dukkar opp på Sunnmøre.

– Nordgrensa har jo flytta seg i Europa. Slik at på sikt kan det hende, men igjen er det avhengig av mange faktorar som spelar inn for at ein flåttart skal etablere seg, utdjupar professoren.

Høgsesong i haust-varmen

Jaktflåtten haikar til Noreg som larve eller nymfe med trekkfuglar om våren. For at ho skal utvikle seg til det voksne, jaktande stadiet, krevst det ein periode med temperaturar over 15 grader.

Ifølgje professor Stuen er det nettopp i desse dagar at risikoen for å møte på ein vaksen jaktflått er til stades.

Jaktflått

  • Kva det er: Ein type kjempeflått i edderkoppfamilien. Ho er betydeleg større enn den vanlege norske skogflåtten.

  • Kjenneteikn: Mørkebrune og gul-kvite striper på beina.

  • Unik åtferd: Har til skilnad frå skogflåtten velfungerande augne. Ho sit ikkje stille, men oppsøkjer og spring etter byttet sitt i stor fart.

  • Status i Noreg: Påvist to gonger tidlegare, men blir franlesi ikkje rekna som fast etablert på grunn av kalde vintrar.

  • Risiko: Kan i kjerneområda sine spreie det dødelege Krim-Kongo-viruset (blødingsfeber), men dette er aldri påvist i flått funne i Norden.

– Det tek nokre månader for henne å utvikle seg, så det blir i slutten av august, september og oktober du kan påvise vaksen jaktflått her i landet, forklarar han.

Med dei milde haustdagane Volda opplever akkurat no, ligg tilhøva meteorologisk til rette for at blindpassasjerane frå i vår kan ha klart utviklinga.

Hjortebestanden kan bli ei magnet

FRYKTA: Jaktflåtten kan vere bærar av det dødelege Krim-Kongo-viruset

Stuen presiserer at jaktflåtten ofte går på store pattedyr, inkludert hest, storfe og menneske. Volda kommune ligg stabilt i noregstoppen under hjortejakta, med rundt 1000 felte dyr årleg.

Ein slik ekstrem tettleik av store dyr gir den vanlege skogflåtten optimale levekår, og vil fungere som eit bugnande matfat for eventuelle nye flåttartar. 

Den største bekymringa knytt til arten er at han i utlandet kan bere med seg Krim-Kongo hemoragisk feber. Eit virus som gjev alvorleg blødingsfeber med ein dødelegheit på opp mot 40 prosent. Til samanlikning har det norske TBE-viruset ein dødelegheit på under ein prosent.

Ekspertane ber likevel voldingane om å puste med magen. Viruset er aldri påvist i jaktflått i Norden.

JAKTFLÅTT: Stor og med tydeleg stripa bein.

– Viss du blir biten av ho, så har du ikkje noko meir risiko enn du har ved eit vanleg flåttbit. Eg ville forhaldt meg som eg ville gjort til eit vanleg flåttbit i Noreg, beroligar flåttleiar Randi Eikeland.

Ynskjer beskjed ved funn

Skulle du likevel snuble over ein flått i Volda-naturen som er unormalt stor, har stripete bein og rører seg med stor fart, vil Flåttsenteret vite om det med ein gong.

– Det vil jo vere ein viktig oppdaging, for det vil bety at arten spreier seg til heilt nye område av landet.

– Då synest eg dei skal ringje til oss eller Veterinærinstituttet for å fortelje om det.

Powered by Labrador CMS