
Hødd sikra seg tre viktige poeng
Det vart 2-1 då Hødd fekk besøk av Moss på Høddvoll stadion laurdag ettermiddag.
ULSTEINVIK: Før kampen var det berre eitt poeng som skilte laga på tabellen.
Hødd-trenar Marius Brusegard Bøe gjorde berre ei endring frå laget som vann mot Odd førre veke då Hødd-kaptein Torbjørn Kallevåg vart utvist. Sebastian Heimvik Haugland tok over kapteinsbindet medan Isak Gabriel Skotheim fekk sjansen frå start mot Moss.
Hødd starta sterkt
Hødd fekk ein bra start på kampen då det vart blåst straffe i deira favør etter ti minutt. Ola Visted blei felt i sekstenmeteren av bortelaget sin angrepsspelar Patrik Andersen. Hødd-kaptein Haugland fekk ta straffa som sendte heimelaget kontrollert opp i leiinga.
Etter ein god start fortsatte Hødd å halda trøkket oppe. Hødd fann fleire gonger rommet offensivt på høyrekanten der Visted fekk skyta innlegg i boks, men ingenting nådde nettet i resten av første omgang.
Moss satsa på å skyta lengre ballar til vingane, men det var få målsjansar.

Ein jamn andre omgang
Andre omgang blei derimot meir sjanserik for bortelaget. Etter 50 minutt, utlikna Moss då Leonardo Rossi avslutta i nærmaste hjørne.
Andre omgangen blei jamnare mellom laga og bortelaget fekk meir rom til å spela. Hødd måtte sjå seg nøydd til å forsvara seg meir enn det dei måtte i første omgang.
Tøffe taklingar og høgt trøkk på bana gjorde kampen spanande.
Då kampen nærma seg slutten, og det såg ut til å enda med poengdeling mellom laga, tok Hødd-spelar Manaf Rawufu saka i eigne hender. Han kom inn som innbyttar etter 83 minutt. I det 89. minutt sendte Rawufu heimelaget opp i leiinga igjen då han etter eit hjørnespark heada ballen i mål.
Det blei fem ekstraminutt og spanande til siste minutt då Moss jakta utlikning for andre gong under kampen, men det var Hødd som til slutt kom sigrande ut av oppgjeret.
Godt innhopp
Hovudtrenar Marius Brusegard Bøe er nøgd med siger og meiner at dei gjorde smarte bytte i andre omgang.
– Me hadde ein god første omgang, men ein svakare andre omgang der Moss er betre enn oss. Me klarar heldigvis å snu det på slutten då me gjorde gode bytte på bana, men det var marginalt i dag, seier han etter kampen.
Bøe opplevde kampen som jamn. Utan den rutinerte kapteinen Kallevåg, vart det tøft på Høddvoll stadion.
– Kallevåg er ekstremt viktig for oss. Han er ein fantastisk leiar. Eg synast Haugland gjer ein god jobb i dag, men eg saknar ein som har endå meir rutine bakifrå.

– Litt kaotisk
Haugland var einig i trenaren si oppleving av kampen.
– Det svinga litt. Me har ein god første omgang. Det siste kvarteret i andre omgang er me gode og får det siste målet. Det var ein litt kaotisk kamp, men det er tre viktige poeng me får.
Kapteinen kom til klubben i sommar. Han låg ikkje skjul på at han synast det var stas å få låna kapteinsbindet i kampen mot Moss.
– Det er stort å få denne tillitserklæringa. Det var kjekt å få låna kapteinsbindet denne kampen, men det blir godt å få tilbake Kallevåg i neste kamp mot Lyn, seier han.
Sigeren gjer at Hødd framleis ligg på niande plass på tabellen i OBOS-ligaen, men med tre poeng over Odd som ligg på tiande plass.