Hødd Fotball har eit spennande oppgjer i vente då dei møter Ull/Kisa fyrstkomande søndag.

Høgtflygande Hødd: – Vi håper dei skjelv

Fyrstkomande søndag kan Hødd ta eit langt steg mot spel i OBOS-ligaen neste sesong. Med seier mot tabelltoer Ull/Kisa vil laget leie serien med fem poeng med kun tre kampar igjen av sesongen.

Publisert

– Å ta tre poeng på søndag vil sjølvsagt vere eit stort steg mot opprykk, seier trener Joakim Dragsten.

Han fortel at laget reiser ned med stor sjølvtillit og meiner at bortelaget bør frykte blådraktene.

– I fjor rykka dei ned frå OBOS med stort budsjett, så dei har absolutt kniven på strupen her med tanke på å halde draumen om opprykk i live. Det kjenneteiknar oss at vi spelar tette og jamne kampar, men at vi alltid finn ein måte å vinne på, meiner han.

Trenar Joakim Dragsten ser fram til ein tett kamp mot Ull/Kisa.

Spennande oppgjer i vente

Trass i sjølvtillita fortel Dragsten at laget stiller seg likt til denne kampen slik som alle andre kampar.

– Vi reiser ned der med vår vandte stil, som er tøff fotball, og så får vi håpe at dei skjelv godt og at kampen går våres vei.

Ull/Kisa har dei siste kampane vist seg å være gode på heimebane og Dragsten meiner dei kjem til å gi Hødd ein god kamp.

– Vi må være god i alle fasar i spelet og levere ein god bortekamp for at det skal gå vegen, seier Dragsten.

Han legg til at laget er forberedt på ein tett kamp. Det er kaptein Peder Nersveen enig i.

– Det blir nok sikkert ein tøff kamp, men vi er lada og klare. Dette blir artig, seier Nersveen.

Kaptein Peder Nersveen vil unngå ei reprise av fjoråret.

Vil unngå avgjerande kvalikkamp

Om det ikkje går veien på søndag risikera Hødd å måtte spele ein opprykkskvalifisering-kamp.

– Kvalik er eit helvete, seier Nersveen.

Dette veit han av erfaring då han saman med Hødd tapte kvalikkamp mot Stjørdals-Blink i fjor. Over to kampar mot Stjørdals/Blink tapte dei 3-5 samanlagt, noko som betydde ein ny sesong på nivå tre i Noreg.

– I fjor var det helt jævlig, så det hadde vært sjukt deilig om det gikk veien no.

Han fortel at dei tek med seg den erfaringa og brukar den for alt den er verd. Om laget ikkje skulle klare å rykke direkte opp meiner han at dei fortsatt har gode moglegheiter.

– Uansett kva det blir skal vi takle det. Det er alltid ein følelsesmessig påkjenning å måtte gå gjennom den kvalikken, fortel Nersveen.

Powered by Labrador CMS