Det ærverdige hotellet opna fyrst i 1891 og har vore eit populært reisemål for både fjellfolk og kongelege.
Det ærverdige hotellet opna fyrst i 1891 og har vore eit populært reisemål for både fjellfolk og kongelege.

– Vi byggjer ikkje berre eit flott hotell, men eit heilt samfunn.

Hotelldirektør Mariann Øye er svært glad som får ansette 40 nye ansatte på Hotel Union Øye. Dette håpar ho vil skape liv i ei bygd som er prega av fråflytting.

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA/ØYE: I juni 2022 er det klart for "Grand Opening" av det nyrenoverte ærverdige hotellet på Øye. Utbygginga består av eit klyngetun med sokalla "separate Villas", ein låve, ein palmehave, eit game room, eit bibliotek og ein splitter ny hage med lysthus, dam og kjøkkenhage.

– Det er nesten galskap å fortelje, men prosjektet har kosta nærare 300 millionar kroner, seier hotelldirektør Mariann Øye.

Dei utvidar frå 29 til heile 38 rom. Likevel er Øye heilt sikker på at ho kjem til å få igjen for det seinare.

– Med den standardhevinga vi får og dei nye flotte romma er eg sikker på at det blir ein stor suksess, smilar hotelldirektøren.

Den vesle bygda i Norangsdalen er prega av fråflytting. Med det nye hotellet håpar hotelldirektøren frå Øye at bygda vil vekse. Dette meiner ho er noko av det viktigaste med heile renoveringa.

– Eg har vore på hotellet frå eg var tre år gamal. Det at eg no får lov til å tilsette 40 faste arbeidarar i ei bygd på 38 innbyggjarar betyr utruleg mykje og det er nok det aller viktigaste med alt.

Arbeidsprosess

Prosjektleiar Frank Sanden fortel at det er mykje som står igjen før opning, men at alt likevel er i rute. Vidare seier han at dette er det mest spennande prosjektet han har jobba med.

– Dette er så unikt som du får det til. Vi bygg med materiale som ikkje er heilt vanlege, som for eksempel stein og einetred frå Sandane. Dette er veldig spesielt, fortel Sanden.

Byggeprosessen har bydd på fleire utfordringar grunna det unike preget på hotellet. Sanden fortel at kanskje noko av det vanskelegaste har vore å skaffe alt det interiørarkitektane ønskjer.

– Dei er kresne på kva dei vil ha og då krev det mykje tid og leiting. Likevel er det ei god kjensle å sjå at ein lykkast og at ein får til det uttrykket ein ønskjer.