FORNØGD: Biblioteksjef hos Volda folkebibliotek, Hanne Grindalmen, er svært fornøgd med auka i brukartal i appen BookBites.

I denne appen kan ein høyre lydbøker – heilt gratis

Glad i bøker? Påska kjem jo snart, så kanskje du er ute etter ein god påskekrim. No kan du låne bøker i eit digitalt bibliotek. 

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Bøker kan vere ei fin og gjevande form for underhaldning, men om ein er ein hyppig lesar, kan det bli ganske dyrt i lengda om ein heile tida kjøper seg nye bøker. Då kan lånekort hos biblioteket vere ei god løysning. Men det er ikkje alltid ein har høve til å dra til biblioteket. Her kjem appen BookBites inn. I den kan ein nemleg låne e-bøker og lydbøker, gitt at ein har lånekort på folkebiblioteket. 

Skjønnlitteratur på topp

PORTABELT: I BookBites får ein tilgang til hyllevis av bøker.

Biblioteksjef hos Volda folkebibliotek, Hanne Grindalmen, fortel at det er omlag 320 brukarar av appen som har Volda folkebibliotek som sitt hovudbibliotek. Det er folk i alle aldrar som tek nytte av appen.

 I Volda har dei byrja å teste noko som heiter klikkbudsjett i BookBites. Det betyr at titlar som brukarar har ønska seg i appen automatisk blir kjøpt lisens på. Ellers er det ei gruppe sett saman av representantar av ulike organisasjoner i fylket - slik som bibliotek, museum og arkiv - som står for innkjøpa.

– Vi ser at det er lydbøker som er mest populært å låne. Det er også ei enorm overvekt på lån av skjønnlitteratur. Faglitteratur er det ikkje så stort utval, eller utlån av, seier Hanne.

Gjennom FEIDE-innlogging har skuleelevar i Volda tilgang til BookBites på skule-iPadane sine. Biblioteksjefen trur at desse kanskje ikkje viser i aldersstatistikken.

– Det er definitivt flest brukarar som fell under kategorien "vaksne", men vi ser også ei auke i aldersgruppa 10-13 år det siste året. Det er ein stor mengde som står som "ukjend alder". Dette er truleg elevane som er innlogga via FEIDE, seier Hanne. 

Digitalt bibliotek

Er ein van til appar som Storytel eller Fabel kan BookBites kanskje vere litt uvan i funksjon. Den er knytta til biblioteket, og i likskap med biblioteket, er der ikkje uendeleg med eksemplar av kvar bok tilgjengeleg. Er ikkje boka ein ønsker seg ledig, må ein rett og slett berre sette seg opp på ventelista. 

 

 

Powered by Labrador CMS