Både voldingar og ørstingar strøymde til for å donere til Ukrainabussen og Hjelpesendingene til Ukraina i Furene laurdag.
Både voldingar og ørstingar strøymde til for å donere til Ukrainabussen og Hjelpesendingene til Ukraina i Furene laurdag.

Innbyggarane sto klare til å donere

- Det er trist å seie det, men det er ikkje desse vi ser i media med fine trillekoffertar. Mange har ikkje råd til buss og tog for å kome seg til grensa, seier Grethe Elin Enerhaug.

Publisert Sist oppdatert

Bussjåføren frå Fosnavåg, har sjølv køyrt fem turar til Ukraina, og har difor fleire vener og kontaktar i det krigsherja landet.

I helga køyrde ho ei runde på Søre Sunnmøre og samla inn donasjonar til Ukraina fleire stadar, mellom anna i Furene i Volda laurdag.

- Vi har aldri samla inn i Volda/Ørsta før. Dette er over all forventning. Eg har ikkje ord, seier Enerhaug.

Då ho køyrde inn på parkeringsplassen i Furene, venta allereie mange på Ukrainabussen, klare til å donere.

- No er berre det store spørsmålet kvar eg finn ein lastebil i dag. Takk til vergudane for at det er opplett, ler ho, og ser ut over den sotre haugen med donasjonar.

I Strumok, sør for Odesa, på landsbygda i Ukraina har Hjelpesendingene til Ukraina kontakt med bebuarar heile året, og finn soleis ut kva dei treng.
I Strumok, sør for Odesa, på landsbygda i Ukraina har Hjelpesendingene til Ukraina kontakt med bebuarar heile året, og finn soleis ut kva dei treng.

Hjelpesendingene til Ukraina

Dagleg har organisasjonen ho er med i, Hjelpesendingene til Ukraina, kontakt med kjente frå fire ulike stadar i Ukraina. - Dei vi kjenner bur i delar av landet som har vore heldige og ikkje blitt bomba enda. Men det går alarmar heile natta, så dei må ut av byane for å sove andre stadar. Nokre av dei vi kjenner har flykta, seier Engerhaug.

Ho synest det tøffaste er å ikkje vite korleis det går med dei.

- Vi sender kontinuerleg pengar nedover til samarbeidspartnarane vore, som driv mottak for dei som flyktar vidare i landet. I store delar av landet er det langt til grensa, og dei som flyktar treng ofte mat og ei seng, fortel Enerhaug.

Usikker på når neste tur vert

Grunna den aktive krigen i Ukraina er Hjelpesendingene til Ukriana litt avventande på når dei kan ta sin neste tur ned med hjelp til det krigsherja landet.

- Det er alt for mange som berre har reist ned og levert på grensa. Vi har to mottak som vi leverer til, og vi kjem ikkje til å køyre til Ukraina før vi er sikre på at vi får materiellet dit, der vi veit det blir distribuert vidare, fortel Enerhaug.

Midt i krigskaoset anbefalar ho dei store organisasjonane som til dømes Røde Kors og Unicef. Dei har god erfaring på å arbeide i krig og med naudhjelp.

- Vi normale frivillige har ikkje greie på krig, og det er difor vanskeleg for oss. Difor forheld vi oss til dei, seier Enerhaug.

Levering av hjelpesending til mottaksenteret til Hjelpesendingene til Ukraina i Ternopil hausten 2019.
Levering av hjelpesending til mottaksenteret til Hjelpesendingene til Ukraina i Ternopil hausten 2019.

- Dei som har det vanskleg til vanleg, har det verre no

Kontaktnettverket til Hjelpesendingene til Ukraina fortel om eit enormt behov for hjelp til landet.

- Der vi har levert har det vore eit enormt behov for hjelp frå før av, og for oss er det ikkje forståeleg korleis dei har hatt det i fredstid heller, seier bussjåføren frå Fosnavåg.

Ho vektlegg at det ikkje er alle som har moglegheit eller økonomi til å kunne legge ut på flukt frå Ukraina.

Ein treng både økonomiske midlar og ressursar for å legge på flukt.

- Vi ser ofte at familiane på landsbygda har fleire gamle familiemedlem som er sjuke og dårlege. Dei vi har kontakt med i Ukraina fortel at dei som har det vanskeleg til vanleg, har det enda verre no, fortel ho.

At det vert eit stort behov for bistand vidare, sjølv i ein situasjon der krigen tek slutt, er det i følgje Enerhaug ingen tvil om.

- Eit renn av telefonar

- Vanlegvis samlar vi inn materiell gjennom heile året, men no har det vore eit renn av telefonar frå folk som ønskjer å hjelpe. Difor bestemte vi oss for å ta eit lite skippertak no når givargleda er så stor, smiler Enerhaug.

I hovudsak var det støtte til primærbehova dei ville samle inn til denne helga, med varme klede, tepper, dynar, sengklede og soveposar.

- Fint å kunne dele litt

Åshild Liaskar, frå Volda, var ei av dei mange som tok turen til Furene laurdag for å donere varme klede til vaksne og barn.

- Eg har overflod i alle klesskap, så når her er folk som tek initiativ til å hjelpe dei som treng det meir enn meg, er det fint å kunne dele litt på det, seier ho.

Hanna-Sølvi Lilleås, frå Volda, donerte eit par varme soveposar, pledd, ullfrakkar, bobblejakker, varme sokkar, vottar og huar til Ukriana.

- Kven er det som ikkje har lyst til å hjelpe når vi ser den forferdelige situasjonen. Ein kan verte heilt på gråten, seier ho.