Internettfenomen opna i Volda
Kø frå fyste stund da potetvogn-konseptet Pota Madre åpna dørene i dag.
VOLDA: – Eg forventar at det blir jæklig hyggeleg, seier bakt potet-gründer Kaj Hereid Myklatun frå Eidfjord.
Med 17.500 følgjarar og 442.900 likerklikk på TikTok har potetvogna med Myklatun i spissen gått sin sigersgang på sosiale medium. Frå å starte med éi einsleg potetvogn har selskapet Pota Madre no 15 vogner rundt om i landet, og no har turen kome til Volda. Selskapet ser også på moglegheita for å etablere ei vogn i Ørsta, ifølgje Møre-Nytt.
Det å handtere etterspurnaden på ein roleg, men oversiktleg måte trekkjer Myklatun fram som viktig.
– Vi skal klare å levere, levere og levere, seier potetvogn-innehavaren.
Han forklarar at dei helst ynskjer jamn pågang av kundar, men at dei og er førebudd på meir trøkk i periodar.
– Vi er førebudd på begge scenario.
God respons
– Det har vore ein del engasjement på sosiale medium om at vi kjem til Volda, og det er «jysla» kjekt, seier den karismatiske grunderen.
I det potetvogna opnar luka, vert voldingar trekt mot lukta av bakt potet, som kveps mot eit glas syltetøy.
Fire unge karar frå Volda og Ørsta har tatt turen til vogna for å få seg ein smak av den kjente poteten.
– Det går rykter i heile bygda, seier 17-år gamle Trym Krøvel.
Trym og gjengen er eigentleg på Karrieredagane som går føre seg i Volda i dag, men tok ein pause for ein smak på dei bakte potetane.
– Vi kjøpte Norwegian Cowboy, fortel to av gutane.
Norwegian Cowboy er Pota Madre si mest selde potet. Med bacon, cowboysmør, rømme og ost er den ein klar favoritt hos kundane.
– Eg må nok også seie at det er min favoritt, medgir eigar Myklatun.