KI inn i kommunehuset i Vanylven
Vanylven kommune satsar på kunstig intelligens og tilbyr assistentar til både tilsette og innbyggjarar. – Målet er å effektivisera arbeidet, seier Andreas Chr. Nørve, kommunedirektør i Vanylven.
VANYLVEN: 450 tilsette i Vanylven kommune har nå moglegheita til å bruke KI i arbeidet deira. Modellen, som heiter Ayfie, byggjar på alle dei store modellane som ChatGPT og Claude. I tillegg til at dei førar ei sanntidsvurdering av kommunens økonomi, er det også chatbot-assistentar som kan hjelpe dei tilsette til å løyse oppgåver. Det kan for eksempel vere behandling av innsynskrav.
Skal effektivisere
Kommunedirektør i Vanylven kommune, Andreas Chr. Nørve, er fornøgd med den nye "tilsette". Kommunen planleggar nå å forlenge avtalen med Ayfie, nokre som vil ha ein prislapp på 200 000 kr.
– Målet er å effektivisere arbeidet internt, og ikkje minst gjere det raskare å svare innbyggjarar og presse. Til døme vil vi gjere det raskare å svare på innsynskrav. På sikt tenker vi også at søknadar om skjenkeløyve til enkelte arrangement er noko ein KI kan svare på, seier han.
Sanntidsvurdering av kommunens økonomi og chatboter er tilgjengelege for kommunens innbyggjarar, og skal ifølgje Nørve kunne styrke tilliten mellom kommunen og innbyggjar.
– Vi ønskjer å bruke KI til å gjere kommunen meir transparent, slik at vi kan byggje meir tillit med innbyggjarane i Vanylven, seier Nørve.
– Ein må vere det bevisst
Ayfie er eit norsk selskap, men byggjar tenesta på ei rekkje amerikanske modellar, slik som ChatGPT og Claude. Ifølgje Marija Slavkovik, professor i informasjons- og medievitenskap ved UiB, er det ikkje problemfritt.
– Vi er i ein posisjon der vi brukar mykje teknologi produsert i USA. Det er snakk om store selskap og da er det veldig brukarvennleg teknologi, men ein eksponerer seg for ulike problem. I verste fall kan dei stengje teknologien for oss, eller kontrollere den på ein spesifikk måte, seier ho
Også kvar dataen endar opp og kven som får tilgang til den er viktige spørsmål å stille, meinar ho.
– Vi er
nøydd til å spørje kvar dataen endar opp, og kven som ser han. Til dømes kan ein
spørje kva som skjer med dataen om selskapet går konkurs. Då IRobot slo seg
konkurs endte dataen opp hos eit kinesisk selskap, seier Slavkovik
Slavkovik presiserar at dette ikkje kun er eit problem for Vanylven, men for heile landet. Dei fleste kommunar brukar teknologiske løysingar fra anten USA eller andre land.
– Dette er noko som gjeld oss alle, og vi treng ein plan for digital sjølvstende, meiner ho
Andreas Chr. Nørve er enig og meiner det er viktig at vi er bevisste på kvar teknologien kjem frå og kvar den lagrast.
– Ein må
vere det bevisst. Eg er mest bekymra over lagring av data, og vi gjer mykje
for å passe på at den blir lagra sikkert i Norge. Til døme blir
pasientjournalar lagra i Trondheim og økonomisk data lagra i Oslo, seier han
Stort potensial
Allikevel presiserer Marija Slavkovik det enorme potensialet til kunstig intelligens.
– Det er eit stort potensial og behov for KI, spesielt i Norge der arbeid er dyrt kan KI styrke den offentlege sektoren. Det gjeld berre å stille dei rette spørsmåla, seier ho.
Avtalen med Ayfie blei signert i desember ifjor, og det kosta 100 000 kr for dei første seks månedane. Deretter skal det koste 200 000 årlig.