TAKKNEMLEG: Einar Rasmussen er veldig glad for han får bu i lag med Bjørg Rasmussen.

Kjærleiken varer livet ut, sjølv gjennom vanskelege tider

I ei tid kor fleire finn kjærleiken på datingapper og Internett, er det eit friskt pust å møte Einar (94) og Bjørg (96).

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Einar Rasmussen bur på Volda omsorgssenter saman med kona si Bjørg Rasmussen. Sjølv om sjukdom og alderdom kan gjere livet vanskeleg, er kjærleiken deira for kvarandre like sterk. Valentinsdagen feirar dei likevel ikkje, sidan det ikkje var nokon tradisjon då dei var unge. På dagen var dei unnsett saman på omsorgssenteret.

– Bjørg bur tre etasjar under meg. Kvar dag klokka 11 kjem ho opp for å vere saman med meg og går ned igjen kl. 13, seier Einar.

– Ho vart knust

Dei siste to åra har Bjørg budd i omsorgsbustad nedanfor omsorgssenteret i Volda. Ho vart knust då Einar måtte flytte fordi han trengde meir hjelp. Heldigvis er omsorgsbustaden og senteret bygd saman, berre ein heistur unna.

Paret gifta seg i 1955, men datoen hugsar dei ikkje. Heldigvis blir det ingen sure miner hos dei

– Det er sånt som ein gløymer når ein har vore saman så lenge, seier dei begge lattermildt.

GIFT: Einar og Bjørg har vore gift i 69 år.

Om paret trur på kjærleik ved første blikk er dei ikkje sikre på, men Einar hugsar godt første gongen han møtte Bjørg.

Ho skulle få sin første kjole sydd og Einars mor var sydame. Møtet gjorde eit stort inntrykk på Einar.

– Det var ein veldig fin kjole, seier Einar.

– Mor di var ei veldig flink sydame, svarer Bjørg.

– Ja, det var ho, men kjolen var veldig fin, svarer Einar, med glimt i auga.

Han seier vidare at dei hadde felles kjende, men at det først var gjennom jobben at den ekte kjærleiken oppstod. Paret møttest på Volda Meieri og vart veldig fort glade i kvarandre

– Eg leverte mjølk til meieriet som ho jobba på, forklarer Einar.

– Han køyrde mjølk og eg selde mjølk, seier Bjørg.

Råd til dagens unge

Dei vart forlova, men måtte vente med å gifta seg til inntekta og utdanninga var på plass. Einar er veldig glad i bilar, han har trass alt vore bussjåfør i fleire år. Dei har reist mykje med bil både til England og i Noreg. Einar seier at dei alltid har komme godt overeins og utfyller kvarandre.

Til den yngre generasjonen har dei følgjande råd: La tilfeldigheita bestemma kjærleiken. For kjærleiken finn deg når du minst ventar det.

Powered by Labrador CMS