KJEKT Å VERE FRIVILLEG: Frå venstre: Martha Liaskar, Sigrid Botn, Marit Brekke og Sigrid Bjerkvik tek i mot sekkar med klede og sko kva onsdag.

Klede for dei som treng det

I over to år har Volda Røde Kors Omsorg sikra klede, sanitærprodukt og norskopplæring til flyktningar frå Ukraina.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: I 2022 starta krigen i Ukraina, det førte til at ei stor mengde ukrainske flyktningar kom til Noreg. Rundt 290 av desse har kome til Volda (Volda kommune). Mange reiste frå alt dei eigde, mødre og born kom berre med det dei hadde på kroppen, og eldre kom utan noko språkferdigheiter for å klare seg.

Dette såg Røde kors i Volda på som eit stort problem, og ville bidra. Dei starta opp eit initiativ der alle som trong det, spesielt ukrainske flyktningar, kunne kome til dei og få sikra seg klede, sko, sengetøy og andre essensielle produkter som dei mangla. 

Lokalet ser ut som ein kvar butikk, med herre- og dameavdeling, barneklede, sko og leiker. Det er til og med ein glasbenk fyllt med snop og anna godt. Men tvisten er: Her er alt er gratis. 

MYKJE FINT: Det er stort utval på Buda.

Eit flytteprosjekt

Det starta på Røde kors-bygget.

Sigrid Bjerkvik og Martha Liaskar er to av dei frivillege som kjem på lokalet som no ligg i 2. etasje på Spinneriet.

- Vi har flytta tre gonger, vi starta i Røde kors-bygget for to år sidan. Då var det ikkje heilt eigna, lokalet var for lite, og vi plasserte kleda på bord utover, fortel dei to frivillege.

ENGASJERT: Martha Liaskar er styremedlem i Volda Røde Kors Omsorg, og hjelper ofte til i Buda.

Alt av klede, sko og andre varer blir tatt i mot kvar onsdag mellom 18-19. Då kjem alt først inn på lageret som ligg rett ved siden av butikken. Der blir alt sortert og lagt i ulike stablar. Så blir det som passar sesongen hengt opp og satt inn i butikken. Dersom dei får inn for mykje klede, blir noko lagra slik at ein kan fylle på seinare. 

 

Alle kleda som kjem inn blir sjekka før det enten blir plassert ut i butikken eller så blir det sendt på attvinning

- Vi deler ikkje ut det som er slitt, det hamnar som regel i gjennbruksconteinar. Ingenting går til spille, fortel Liaskar.

Alle kan donere klede og sko, medan andre produkt får dei frå butikkar som Europris. Då får dei hente varer som er utgått eller er defekte, men som fungerer heilt fint. 

Stigma rundt det å få hjelp

Når gitteret går opp kan det minne om litt "black friday" i det lille lokalet.

KLEDE TIL EIN KVAR ANLEDNING: På Buda kan ein få tak i klær av alle slag.

- Det er som ein tsunami, og det pleier å bli ganske fullt. Det er trøkk i dei første tre kvartera, fortel Liaskar.

Opningstida er mellom 17-19 på torsdagar for dei som ynskjer å hente ut klede. Men nokon synast det kan vere ubehageleg eller vanskeleg å gjere dette i det satte tidsrommet. Liaskar og Bjerkevik fortel at dei set av ekstra tid til dei som måtte trenge det. 

SKO I ULIKE STØRRELSAR: Her er det både sko til born og vaksne.

- Om det er ein familie med to tre eller fire ungar som kjem i det dei går å står i er det ikkje så lett å kome blant 40-50 stykker å finne det ein leiter etter. Då kan dei ta kontakt med oss så vi kan hjelpe dei, seier Liaskar

Det er litt sårt at den vanlege volding ikkje vil vise at dei har lite, legg Bjerkvik til.

Det er ikkje berre flyktningar som har behov for eit slikt tibod. Det er ope for alle som måtte trenge det. Til og med studentar kjem innom, fortel dei. 

Ein sosial læringsplass

Ei utfordring ein ser med innvandring og integrering er at ei gruppe mennesker dett mellom to stolar. Bjerkevik fortel at dei over 65 som kjem til Norge uten noko nettverk ikkje får den norsk- opplæringa som ein treng for å bli ein del av samfunnet. Derfor ser ho på tilbodet dei har som essensielt for fylle gapet mellom stolane.

KAFFE ELLER TE?: Kvar onsdag kan ein sette seg ned i butikken og øve seg på norskferdighetene sine
LEIKEKROK: Bakerst i lokalet finn ein både spel, bøker og andre ting som dei besøkjande kan nytte seg av.

I tillegg til enkel norsk opplæring bistår dei frivillege med hjelp til å ta sertifikat, og kan vere med på møter der ein trong ein representant til dømes.

Liaskar fortel at det set preg på ho når tilbodet gir effekt. Dei ser på det som lønsamt å la flyktningane bli kjende med dei og kvarande for å skape god integrering.

Ho fortel om ei sterk oppleving ho nyleg hadde. 

- Eg sat med ei ukrainsk dame to gongar og skreiv ned norske ord, berre det som var rundt oss, koppar, fat, kaffi og alt. Så skreiv ho det på ukrainsk. "Dette er den beste norsk opplæringa eg har fått" sa ho til meg.

Kva sit dokke igjen med etter ein slik dag?

- For min del gjer eg ein fornuftig jobb. Som gir noko til andre, og gir noko tilbake. Ein kjenner på at ein gjer ei god gjerning for nokon. 

Skulle gjerne hatt større kapasitet

FRIVILLEG: Alt arbeidet i Buda gjerast av frivillege.

Eit av måla framover er å kunne ta i mot syklar, ski og større varer. Men det krev at ein har nok frivillege og oppbevaringsplass. Sjølv om dei har ei lang liste med rundt 40 frivillige, er det berre rundt 10-15 som møter fast. Dei er avhengige av å ha fire på jobb både onsdagar og torsdagar.

- Det er ikkje mykje lagerplass, så ein vil ha produkt som passar sesongen, fortel Sigrid. Helst ingen bikinar i januar, legg ho til og ler.

Powered by Labrador CMS