LANG REISE BAK SEG: Knut Egil har reist frå Oslo til Ulsteinvik med flyktningar i bussen.

Knut Egil frakta flyktningar trygt til Ulsteinvik

Dei siste dagane har det kome fleire bussar med flyktningar til Ulsteinvik. Bussjåfør Knut Egil Pettersen kom med 50 ukrainarar til flyktningmottaket onsdag kveld.

Publisert

ULSTEINVIK: På reisa frå Oslo til Ulsteinvik, fekk bussjåføren ein kamerat - 11 år gamle David.

– Han sat framme i bussen og ville sjå. Han kunne litt engelsk, så me fekk snakka litt. Han fekk ei colaflaske av meg, fortel Pettersen.

Ferda gjekk frå Oslo, oppover Gudbrandsdalen og over Strynefjellet.

– Det var kvitt over Strynefjellet, med høge snøkantar. David tykte det var veldig fint, "wow, beautiful", sa han, fortel bussjåføren.

Han køyrde buss med syriske flyktningar i 2015. Dette er den fyrste bussen Petterson køyrer under denne flyktningstraumen. Han opplever situasjonen som trist.

– Eg tykkjer synd i dei. Dette er ein situasjon som er heilt unaudsynt. At det er éin mann i verda som har forårsaka dette, fortel han.

– Klare til å stille opp

Mange av flyktningane er barn som gjerne ikkje kan så mykje engelsk. Sørøyane Røde Kors stilte difor opp utanfor bussen med fotball, spel og leik.

STILLER OPP: Røde Kors Sørøya. F.v.: Hermine Dalsøren, Amanda Låbakk, Marte Holseker, Tamara Opstad.

– Me skal passe på at dei har det bra her, og at dei lever under tilfredsstillande forhold. Me er dei einaste som har mandat til å faktisk krevje vår rett til å vere her og sjå at dei har det bra, og det er senteret kjempemottakeleg for, fortel administrativ leiar i Sørøyane Røde Kors hjelpekorps, Marte Holseker.

På dagen tysdag fekk dei beskjed om at det skulle kome ein buss med flyktningar allereie same kveld.

– Me visste at dei skulle kome, men me fekk ikkje noko konkret tidspunkt før da. Så da måtte me fort på ballen. I Røde Kors skal me vere klare til å stille opp på kort varsel, fortel ho.

DONERTE LEIKER: Røde Kors har fått inn mange leiker som dei gjev ut til flyktningane.
HJARTE: Barna ved Almejordet barnehage har laga hjarta til flyktningane.

Velkomen til Ulsteinvik

Beate Mjøen Berg var friviljug ved mottaket, og tok imot flyktningane med saft og pølse. Dei fekk òg kvart sitt hjarte som ungane ved Almejordet barnehage i Ulsteinvik hadde laga.

– Eg tykkjer dette er sterkt. Det er mange skjebner her, og eg tenkjer på kva dei har i bagasjen. Det er mange barn her. Eg tenkjer på dei som er att der nede òg. Det er ikkje kjekt, fortel ho.

Det er no om lag 90 flyktningar ved mottaket. Dei har plass til 200 totalt.

Artikkelen held fram etter biletet.

TAK OVER HOVUDET: Ved mottaket i Ulsteinvik får flyktningane tak over hovudet og eiga kjøkken.

– Me må prøve å gje dei mest mogleg normalitet i ein unormal livssituasjon.

HJARTEVARME: André Eiksund tek imot flyktningar.

Det seier André Eiksund, leiar for akuttinnkvarteringa i Ulsteinvik. Dei siste dagane har han vore med på å ynskje dei ukrainske flyktningane velkomne til bygdebyen utved havgapet. Her skal dei få tak over hovudet, pengar til mat og ein tryggare kvardag.

– Me har mykje hjartevarme og engasjement blant dei lokale. Flyktningane skal få det bra her i Ulsteinvik, fortel Eiksund.

Powered by Labrador CMS