Køyrte for fort på Vartdal

To personar vart anmeldt etter å ha køyrt for fort på E39 ved Vartdal onsdag kveld, melder politiet på twitter. Den eine anmeldelsen kom som følgje av at bilføraren hadde for mange prikker, medan den andre ikkje ville vedta bota. Fire andre fekk forenkla førelegg.

Høgste fart i 50-sona vart målt til 72 km/t av utrykningspolitiet.


Powered by Labrador CMS