SKUFFA: Leiar for Mållaget, Peder Lofsnes Hauge er skuffa over forslag til kutt i mållaget.

Kutt for Noregs Mållag

– At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn nynorsk er berre ufatteleg, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Publisert

Regjeringa foreslår og kutte midlane til Noregs Mållag med 775 000kr. Den reele nedgangen svarar til over ein million kroner.

Noregs Mållag arbeidar for jamstilling mellom dei to skriftspråka i landet Bokmål og Nynorsk. Nynorsk har i dag ein mykje lågare status ein bokmål. Stadig fleire byttar frå nynorsk til bokmål fordi det er meir tilgjengeleg i samfunnet. Mållaget jobbar for å fremje nynorsk i samfunnet, slik at skriftspråket blir meir brukt i heile landet.

– Her kastar regjeringa blår i auga på Mållaget, norsk språkpolitikk og nynorskbrukarane, men også på sitt eige parlamentariske grunnlag. No må budsjettpartnarane kjempe dette inn igjen. Det er ein frykteleg usympatisk måte å styre landet på, seier mållagsleiaren.

Det skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS