ENDA EIN "GRANDIS": sjølve originalen frå 80-talet på utstillingsplass. Denne kom lenge før Lørdagspizza og Full pakke!

Kva skal vi ta vare på frå livet no?

Sju pizzaesker skal ligge for alltid på magasina til Sunnmøre Museum. Kvifor?

Publisert Sist oppdatert

På nettstaden DigitaltMuseum kan ein sjå eit uvanleg syn: Fire grandiosaer, to big-ones og ein pizza med det enkle namnet Pepperoni Pizza. Torbjørn Akslen er fagansvarleg for samling og oppbevaring ved Viti, regionmuseet på Sunnmøre. På spørsmål om dei sjølv har ete pizzaene må historikaren le.

EIN BLID FAGANSVARLEG: Torbjørn Akslen har mykje å seie om Pizza Grandiosa

- Nei, vi kontakta Stranda for å få oversendt eit par eksemplar, så no har vi ei lita samling, seier ein smilande Torbjørn.

Dei sju eskene er tatt inn i samlinga til Sunnmøre Museum i høve utstillinga «Eg var her - stemmene frå Sunnmøre».

- Målet med utstillinga er å representere historier frå Sunnmøre frå gamalt av og heilt fram til i dag.

Mykje meir enn det vi får sjå

Musea samlar i eigne magasin. Her finst tidligare utstillingsobjekt, og ting som ein vil lagre for framtida. Oppbevaringa av dei sju pizzaeskene er eit ledd i det som kallast samtidsdokumentasjon. Torbjørn Akslen fortel at Sunnmøre Museum har eit ønske om å dokumentere livet her og no. Dette gjer dei gjennom å oppbevare og digitalisere gjenstandar, lyd og bilete.

Vidare peikar han på at vi i kvardagen omgir oss med mange ting. Då kan det vere vanskeleg å velge kva som bør takast vare på.

- Eg tenkjer det er viktig at gjenstandane som kjem på utstilling eller i magasin må kan bere ei historie.

Kva fortel pizzaene? Det kan du høyre her:

Frå bronsealder til koronapandemi

UNGT FOKUS: Sunnmøre Museum vil vise det ungdommen er opptekne av no.

Her møter gamalt nytt. Sverd, mynter, og reiskapar. Alle gjenstandar som fortel om ei tid for lenge sidan. Dei er omgitt av tinga frå vår eiga tid: Ein raud PlayStation-kontroller og skilt frå skipsverfta under koronapandemien.

Denne utstillinga skal stå i mange år, og tinga skal takast vare på enda lenger:

- Gjenstandane vi tek inn i museumssamlinga planlegg vi å oppbevare i evig tid.

Også pizzaene?

Dei også, avsluttar Torbjørn smilande.

Det fyrste blikkfanget i utstillinga her er eit alderssprik på fleire tusen år
Powered by Labrador CMS