Kvinner står opp, helsevesenet må følgje etter
I generasjonar har kvinner kjempa for retten til å bestemme over eigen kropp. Likevel visar erfaringane frå helsevesenet at kampen for likeverdig behandling ikkje er over.
Kvinnehelse er framleis underprioritert. Både i forsking, ressursbruk og offentlig samtale.
Nokon som har jobba aktivt for å støtte forskning på kvinnehelse, er sanitetskvinnene. I over 100 år har dei stått opp for kvinner.
Arbeidet er svært varierande. Kvinnehelse, eldre, integrering og vald i nære relasjonar er nokon av sakene som står dei nærast.
Når det offentlege ikkje strekkjer til, står frivillige klare. Sanitetskvinnene møtar stadig kvinner som fell mellom systema, og etterlyser meir politisk vilje.
– Kvinner er ikkje små menn, vi er veldig underforska på, fortel Hanna Sølvi Lillås, leiar i Volda sanitetslag.
Det meste av forskning har gjennom historia fokusert på menn og hatt dei som «standardkroppen».
Vidare forklarar ho at når det gjeld sjukdommar som rammar menn, så brukar dei same behandlingsmetode på kvinner.
Kvinner har mellom anna i snitt eit hjarte som er 20-30 prosent mindre enn menn sitt hjarte. Noko som gjer det vanskeleg å bruke same behandlingsmetode på kvinner og menn.
Leiaren seier at dei stadig vekk prøvar å dra til seg yngre kvinner til sanitetslaget, noko som ofte viser seg å vere vanskeleg.
– Eg trur ikkje dykk som er unge idag heilt forstår kva vi jobbar og kjempar for, men det er faktisk dykkar framtid
Sanitetskvinnene etterlyser meir kunnskap, betre prioriteringar og større openheit rundt kvinnehelse.
I føde- og svangerskapsomsorga ser dei korleis desse utfordringane kan slå ut i praksis.
Smerter vert vekkforklarte. Mange ventar fleire år med å bli diagnosert. Kvinner går ofte heim med fleire spørsmål enn svar.
Kvinnehelse handlar framleis om å verte tekne på alvor.
Bak statistikken og politiske prioriteringar står kvardagen i helsevesenet. Heide Rinn Grimstad er jordmor og leiar for føde og barsel avdelinga ved sjukehuset i Volda.
Grimstad møter kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barseltid, og ser korleis kvinnehelse faktisk vert ivaretatt.
Ho seiar at det heilt sikkert er behov for meir forsking innan fødselshjelpa.
– Det er eit tidspunkt i livet som er knytt til stor risiko. I forhald til at du i utganskpunktet er heilt frisk og ung.
Sjå tv-reportasja om Volda sanitetslag og deira arbeid her: