Ljosfestival: Øyralangs 2021 vart arrangert førre veke. (foto: Julie Garmo)

Ljos og røre langs Øyra

Ljosfestivalen Øyralangs var ei oppleving med både ljos, lyd og mykje folkeliv. Førre veke vart festivalen i regi av Trivsel i sentrum arrangert.

Publisert Sist oppdatert

Dette er fjerde år på rad at festivalen har vore arrangert.

- Det starta med at det var ei Facebook-gruppe som blei starta for nokre år sidan – «Gi nytt liv til bygda vår». Folket dreiv og snakka om at det skjer ingenting i Volda, og lurte på korleis me kunne få ting til å skje, fortel initiativtakar, Ellen Hesselberg.

Hesselberg hadde vore i Oslo og besøkt ljosfestivalen Elvelangs. Ho blei inspirert, og ville forsøke å få til noko liknande her i Volda.

<span class=" font-weight-bold" data-lab-font_weight_desktop="font-weight-bold">Ljosinstallasjonar:</span>
Ljosinstallasjonar:

- Eg skjønte at dersom det skal bli noko, så må ein faktisk gjere det sjølv.

Fekk god hjelp

Med hjelp av gode kollegaar, fekk ho mobilisert ein gjeng som sette i gong med å planleggje den fyrste Øyralangs-festivalen i 2018. Dei fyrste åra var det eit ein-dags-arrangement, med ljosinstallasjonar og diverse kulturelle innslag mellom Årneset og Volda sentrum. Men grunna pandemien som tok til i fjor, måtte dei byrje å tenkje nytt:

<span class=" font-weight-bold" data-lab-font_weight_desktop="font-weight-bold">Friviljug arbeid:</span>
Friviljug arbeid:

- Det var for mykje folk på same stad, samstundes. Så då valde me å ha det berre på Prestholmen over ei veke. Me fekk gode attendemeldingar på det. Korona prega òg dette året, difor arrangerte me på same vis, med å halde det over ei veke.

Festivalen skulle i utgangspunktet bli arrangert tidlegare i november, men måtte flyttast grunna uvêr og stor elv. Det var folk frå rundt omkring i Volda som stilte med ljosinstallasjonar til festivalen. SFO, ungdomsskulen i Volda og fleire barnehagar var blant dei som bidrog til å skape liv, ljos og røre ved Prestholmen frå 14. til 20. november. Alt er basert på friviljug arbeid.

Øyralangs

  • Ein ljosfestival på Prestholmen i Volda
  • Årets festival blei arrangert 14. - 20. november
  • Eit tiltak sett i gong av Trivsel i sentrum
  • Arrangert for fjerde år på rad i 2021
  • Drifta på friviljug initiativ

- Me har fått veldig, veldig mykje hjelp frå ungdomsskuleelevar. Dei har eit fag som heiter innsats for andre, som har hjulpe oss med både opprigg og nedrigg. Dei har tent faklar kvar dag og dansa i LED-drakter. Dei har òg eit anna fag, arbeidslivsfag, som har drive og klargjort bålpanna og bygd benkar, fortel Hesselberg.

<b>Trivsel:</b>
Trivsel:

Hesselberg fortel at dei òg har fått god hjelp frå Volda læringssenter og Brunvoll.

Godt besøkt

Nøyaktig kor mange som var innom festivalen, har ikkje Hesselberg oversikt over. Men ho kan fortelje at den har vore godt besøkt av folk frå store deler av området – frå Ulsteinvik til Hornindalen.

- Målet vårt i alt me gjer er å få med alle i kommuna, ikkje berre sentrum, seier Hesselberg.

Powered by Labrador CMS