HISTORISK: Ultraløparen Bent Ingebrigtsen og laget hans vil vere dei første til å arrangere Backyard Ultra i Volda.

Mange vil løpe 12 timar i strekk

I oktober kjem eit populært løpskonsept til Volda. Nærnett testar løypa først.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Bent Ingebrigtsen har knytt joggeskoa og skrur på klokka si.

«Då er vi klare?» spør han, og turen er i gang.

Volda arrangerer sitt første backyard ultra – Nærnett spring testar løypa først.

Motbakken blei ein moglegheit

Bent Ingebrigtsen, Bo Martin Larsson og Mads Melbø starta med ein idé som skulle ta Volda med storm. 

Ideen starta med eit eige ynskje om å sjølv løpe backyard ultra. Men billettar var det vanskeleg å få tak i, og avstanden var heller ikkje kort til det næraste løpet. Så slik starta det:

— På maratonløpet Fyr til fyr i Herøy i juni var eg ikkje skikkeleg førebudd, seier Bent.

Kollegaen hans kom før han i mål under løpet, og på kontoret kjende Bent revansjelysta vekse. Då vart kollegaene samde om eit nytt forsøk i eit nytt løp: Backyard Ultra.

— Vi er jo i Norge, så da blei det Volda Bakgårdsultra.

55-åringen har løpt fleire ultraløp, men er no klar for ei heilt ny utfordring:

— Eg er 55 år no, så eg kan ikkje løpe raskare enn eg gjer, seier Bent og held ein pause: Men eg kan løpe lenger. 

LØPEGLAD: Bent meiner løping gir overskudd til ein betre kvardag.

Utselde på under 24 timar

LOKAL STØTTE: Sindre Monsholm ynskjer å støtte nye aktivitetar som kjem til bygda.

Då påmeldinga opna, sat fleire klare framfor skjermen. Alle plassane vart tekne på under eitt døgn.

Løypa startar ved Sparebank 1-hallen og går til Årneset, vidare langs grusvegen ved Rotevatnet og tilbake. Her skal deltakarane springe så lenge dei orkar – i opptil 12 timar. Løpet startar laurdag 18. oktober. 

Sindre Monsholm er ein av 100 personar som sikra seg billett til bakgårdsløpet.

— Eg ser på det som ein måte å utfordre meg sjølv på, seier Monsholm. 

Før den tid, har han eit anna løp i fokus: halvmaraton i København. 

—  Eg håpar å få ei god gjennomføring i København først, men Backyard Ultra krev ein heilt annan strategi. Vanlegvis held eg eit jamnt tempo på halvmaraton, men no må eg roe ned farten og tenkje på korleis eg skal halde ut over tid, seier han. 

Monsholm går inn i løpet utan store forventningar, men med klare mål:

— Mål éin er å bli ultraløpar, mål to er å fullføre, seier han med eit smil.

Tidleg start på løpseventyret

Bent Ingebrigtsen løp sitt første gateløp då han var 11 år.

— Eg brukte bursdagspengane mine til å betale startkontigenten. 

Sidan har han løpt. 

Oppveksten til Bent var fylt med mykje idrett. Gjennom langrenn fikk han smaken på løping. I skogen ved Bent sin barndomsheim blei det årleg arrangert 2 km, 3 km og 5 km løp. Ein dag stod det i avisa: No arrangeres Holmestrand-løpet!

Det var ei løype på ei mil. 

— Eg hugsar eg tenkte: DET skal eg vere med på! 

Før løpet trente Bent kvar einaste dag den sommaren. Nokre dagar sprang han tre kilometer om morgonen, og fem kilometer om kvelden saman med faren.

— Då eg kom til start, var eg så sliten at det var så vidt eg klarte å fullføre, ler han.

Klar, ferdig, løp!

RAUMA: Arrangøren Bent skal sjølv teste Backyard Ultra-sjangeren under Rauma Backyard Ultra før løpet i Volda.

Løypa under bakgårdsløpet går hovudsakleg på grus og utan stigning, og er lagt til rette for at deltakarane kan møtast undervegs og heie kvarandre fram.

— Blir det Volda Backyard Ultra i 2026?

— Vi trur dette kan bli ganske populært, så målet vårt må jo bli å gjenta suksessen, seier han.

Powered by Labrador CMS