BANDCAMP: Maria Monsen Lystad (f.v.) og Haakon Hauge Lied var blant dei unge musikkspirene som fekk prøve seg på både nye og meir kjende instrument under bandcampen i Fosnavåg i vinterferien.

Maria (13) drøymer om artistlivet: – Vil leve av musikken

Unge musikkspirer fylte lokala på Vokalfabrikken under bandcamp i Fosnavåg denne vinterferien. Blant deltakarane var Maria Monsen Lystad (13), med ein klar draum om framtida.

Publisert Sist oppdatert

FOSNAVÅG: – Eg har lyst til å bli artist og kunne leve av musikk, viss det hadde vore mogleg, seier 13-åringen med eit smil om munnen.

Ho fekk prøve seg både på bass og vokal i løpet av campen, men det er bak mikrofonen ho trivst aller best.

– Å ha det gøy med musikken saman med andre er det gøyaste, seier ho bestemt.

Sjølv om ho bur på ein mindre stad, meiner ho tilbod som bandcamp betyr mykje.

– Eg synest det er bra at sjølv om eg bur på ein liten plass, så ordnar lokalsamfunnet eit tilbod for dei som bur her, så vi kan ha det artig saman.

Ho legg heller ikkje skjul på at det krev mykje arbeid for å nå målet.

DUETT: Sangveninnene Maria Monsen Lystad og Veronika Yakubchuk fant tonen bak mikrofonane, då dei song Ozzy Osbournes "Dreamer". Foto: Amund Søberg Granrud

– Eg må øve mykje, det veit eg. 

Og på spørsmål om ho vil fortsette med dette, er ho klokkeklar:

– Ja! Dette gir skikkeleg meirsmak.

Held fram suksessen

Bandcamp er ei ordning i regi av Herøy kommune, og vart arrangert for første gong i fjor haust. Etter eit vellukka første forsøk, slo arrangørane til med ny camp denne vinterferien.

Musikkinstruktør Elise Nærø, som tidlegare har vore med i TV-programmet The Voice, har leia ungdommane gjennom dagane.

MUSIKKINSTRUKTØR: Elise Nærø var strålande fornøgd med deltakarane under bandcamp.

– Vi ønskjer å gi ungdommane ein smak på det å spele i band, og så håpar vi at det kan så eit lite frø, slik at dei kanskje vil spele i band seinare.

Ho meiner denne typen kulturtilbod er viktig fordi det er eit lågterskeltilbod som er gratis og tilgjengeleg for alle som vil.

– Inntrykket av gjengen som er på bandcampen, er at dei utstrålar at dei har lyst til å få til noko i lag, lyst til å spele kul musikk og få til ting sjølve. Det at dei har ulike interesser, er òg noko vi vil få fram hos dei ulike deltakarane.

Del av ein kulturmiljøplan

Samtidig som ungdommane skapar nye musikalske vennskap, arbeider kommunen med noko langt meir omfattande. Nemleg ein ny kulturmiljøplan som er under utarbeiding.

Kulturleiar Julianne Hauge forklarer at planen er viktig, og at han skal sikre at ein både tek vare på kulturminna, forvaltar dei og formidlar dei vidare til komande generasjonar.

Herøy har ikkje hatt ein samla kulturmiljøplan tidlegare, før no.

KULTURLEIAR: Julianne Hauge, kulturleiar i bygda, meiner tilbod som bandcamp er heilt essensielt i eit kultursamfunn, som Herøy kommune.

– Då sprika vi i alle retningar når det gjaldt kva som var viktig å ta vare på. No har vi samla arbeidet vi har gjort sidan 2016 i ein heilskapleg plan.

Planen skal fungere som eit arbeidsverktøy for kommunen, fortel ho.

– Han skal hjelpe oss å gjere dei rette prioriteringane. Vi må vite kva kulturmiljø som treng mest innsats, og kva vi skal formidle vidare til barn og unge.

– Kultur bygger samfunn

For Hauge heng bandcamp tett saman med kulturarbeidet elles.

– Eg meiner kultur bygger samfunn, og det bygger menneske. Kultur seier mykje om identiteten vår og hjelper oss å finne fellesskap.

Sjå TV-reportasjen under:

Ho peikar på at bandtradisjonen er ein viktig del av identiteten i Herøy.

– Dette har tidlegare stått sterkt her. Slike ting går ofte i bølger, og akkurat no er vi nede i ei lita bølge. Då ønskjer vi å bruke midlar på tiltak som kan auke interessa igjen.

Vil engasjere frivillige og unge

Hauge håpar den nye planen skal skape sterk interesse.

– Eg gler meg til eit engasjement frå frivillige. Og så gler eg meg til å formidle historia vidare til barn og unge.

Ho meiner det er betre å vere føre var enn å måtte reparere i etterkant.

– Det kostar mindre å førebygge enn å reparere. Viss vi ikkje har ein plan, kan vi heller ikkje søke tilskot. Då kan kulturminne gå tapt.

For Maria Monsen Lystad handlar det førebels mest om songglede og draumar.

SAMSPEL: Elise Nærø, Maria Monsen Lystad og Veronika Yakubchuk.

– Dette er berre starten, seier ho.

Og kanskje står ho ein dag på ei større scene – med røtene godt planta i bandmiljøet i Herøy.

Powered by Labrador CMS