OPPGITT: Dagleg leiar i Nordic Halibut reagerar på at Volda har innført ein fire år lang stans på nye oppdrettsetableringar.

Meiner Volda gjeng glipp av tidenes moglegheit

Nordic Halibut-sjef Edvard Henden meiner Volda kan gå glipp av ei stor moglegheit dersom selskapet ikkje får etablere kveiteoppdrett i Voldsfjorden. Lokale fiskarar og Naturvernforbundet seier fjorden allereie er for hardt belasta.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA / HUSTADVIKA: – I våre auge gjeng Volda glipp av ein stor moglegheit.

Det seier dagleg leiar i Nordic Halibut, Edvard Henden.

I sommar søkte oppdrettsbedriften om å etablere eit kveiteanlegg i Voldsfjorden. Søknaden er framleis under behandling, men før ei eventuell etablering, må selskapet vente på svar frå kommunen

Volda har vedteke eit fire år langt byggeforbod medan kommunen skal skaffe seg meir kunnskap om fjorden og det marine liv der. Forbodet kom istand etter stor skepsis frå lokalsamfunnet kor det blei stilt spørsmål knytt til behovet for fleire anlegg og påverknaden det kunne ha for miljøet og fiske i fjorden.

SLIK KAN DET BLI: Anlegget i Hustadvika viser korleis det kan bli sjåandes ut i Voldsfjorden.

Vil doble produksjonen

Nordic Halibut gjer seg klare for ei betydeleg produksjonsauke der eit nytt oppdrettsanlegg i Voldsfjorden skal vere ein del av ei støre satsing.

Oppdretten av kveita følgjer heile livsIøpet, frå stamfisk, egg og yngel, til settefisk som er klar for sjøsetting. Avdelingsleiar Mari Takle Thomassen forklarer at samlinga av produksjonsstega er ein stor fordel.

Slik blir kveite oppdretta

  • Stamfisk og gytning: Stamfisken haldes i eigne bygg der den strykast for egg og melke.

  • Inkubasjon: Egg og melke blandast før dei overførast til inkubatorer og siloar.

  • Oppvekst: Larvane utvikler seg i spesialtilpassa kar og flyttast gjennom fleire produksjonsfasar etter kvart som dei veks.

  • Sjøsetting: Når fisken har nådd riktig størrelse som settefisk, flyttast den ut i merder i sjøen.

– På denne måten effektiviserer vi drifta, seier Thomassen.

TIDSAM PROSESS: Avdelingsleiar Mari Takle Thomassen forklarar opdrettsprosessen fra tidleg stadium. I kvart basseng er 25.000 yngel samla for å vakse.

Leiinga understrekar at eit eventuelt nytt anlegg i Volda vil kome i tillegg til, og ikkje i staden for, dagens anlegg.

– Vi skal ikkje endre noko. Vi skal doble produksjonen, fastslår dagleg leiar Edvard Henden.

Kveite i staden for laks

Henden meiner kveite har fleire eigenskapar som gjer arten godt eigna til oppdrett.

Kveita er ein botnfisk og skil seg på fleire måtar frå laks og torsk. Han trekk særleg fram at kveita ikkje har lakselusproblemet som er kjent frå lakseoppdrett.

– Kveite er ein fantastisk robust art når det gjeld oppdrett i sjøen, seier han.

Han meiner også at kveiteoppdrett kan ha ein mindre belastning på miljøet enn andre former for oppdrett. Henden viser til jamlege miljøundersøkingar og seier desse ikkje har vist stor påverknad på miljøet.

ETTERTRAKTA: Etter 3-4 år er kveita slaktemogen, og Henden trur etterspørnaden vil verte stor blant ana i Asia

Samtidig erkjenner han at oppdrett alltid vil føre med seg noko belastning for miljøet.

– All type aktivitet har ein viss påverknad,, seier Henden.

Vil skape lokale arbeidsplassar

Ein viktig del av argumentasjonen frå Nordic Halibut er at kan gje fleire arbeidsplassar og lokal verdiskaping.

Henden viser til at selskapet i dag har rundt 150 arbeidsplassar i regionane der dei allereie er etablert.

Han meiner at oppdrettsverksemda også kan bidra til at folk som har flytta ut, kjem heim igjen.

– Ganske ofte får vi folk som ønskjer å kome tilbake. Det er noko av det beste som skjer, seier Henden.

OVERVAKING: Inne på fôringssentralen styrast oppdretten frå land.

Det er denne typen utvikling Henden meiner Volda kan gå glipp av.

– Vi har gjort jobben

Henden seier selskapet har lagt ned store ressursar i arbeidet med å finne nye lokalitetar. Han reagerer på at Volda no har innført ein fire år lang stans for nye etableringar.

– Når du skal søkje, gjer ein det på grunnlag av blant anna reguleringsplanen, seier han.

Han peikar på at arealet på Skardsteinane er sett av til akvakultur i kommunen sin gjeldande plan. Dermed meiner han det blir utfordrande dersom planane blir endra etter at selskapet har brukt tid og pengar på søknadsprosessen.

OVERRASKA: Edvard Henden vert tatt på senga av forbodet frå Volda kommune.

Henden vil likevel ikkje karakterisere kommunen sitt vedtak som feil.

– Eg peikar berre på det problematiske ved det, seier han. 

Treng meir tid 

Ordførar Sølvi Dimmen forklarer det fire år lange byggje- og deleforbodet med behovet for meir kunnskap. Dei siste åra har det kome meir oppdrettsaktivitet i fjorden.

– Det er stor bekymring for kva det gjer med miljøet i fjorden, og kva det gjer med dei lokale fiskestammane og gyteplassane, seier ho.

Kommunen har fått midlar til kartlegging av fjorden. Målet er å vite meir om fiskestammar, natur og miljø før ein tek stilling til vidare arealbruk.

– Vi håper at vi har litt meir kunnskap om fire år, seier Dimmen.

KLAR TALE: Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) ønskjer meir informasjon før ein eventuell utbygging.

– Kveite kan vere eit alternativ

Ordføraren utelukkar ikkje at kveite kan ha eigenskapar som gjer arten mindre problematisk enn andre oppdrettsartar.

– Dersom vi skulle erstatte noko, kan det hende at kveite er eit godt alternativ, seier ho.

Samtidig peiker ho på at kommunen ikkje får dei same direkte inntektene frå kveiteoppdrett som med laks og torsk. Grunnen til dette er at Kveite ikkje er ein del ta Havbruksfondet.

Havbruksfondet er eit statleg fond etablera av Stortinget som fordelar inntekter frå oppdrettsnæringa til kommuner og fylkeskommuner som stiller sjøareal til disposisjon for fiskeoppdrett. Havbruksfondet gjeld kun laks, torsk, ørret og regnbueørret.

Ordføraren er også skeptisk til kor mange lokale arbeidsplassar eit eventuelt anlegg vil skape.

– Det kan vere nokre stillingar, men det veit vi ikkje enda, seier Dimmen.

Ser på planane med gru

Lars Grevsnes frå Volda har drive fiske på fjorden i mange år. Han er sterkt kritisk til meir oppdrett.

Særleg uroar han seg for planane om etablering av kveiteoppdrett i området rundt Skardsteinane.

– Det er ein uønskt plas for oss som nyttar området. Det er nemleg ein av dei beste fiskeplassane vi har i Volda, seier Lars.

Han peikar på at sjølve merdane berre er ein del av arealbruken. Ankerfesta kan gå langt utanfor anlegget og gjere det vanskeleg å fiske.

IKKJE OVERBEVIST: Lars Grevsnes synast det er nok oppdrett i Voldsfjorden. Han har allereie eit fleire oppdrettssanlegg utanfor stogevindauget

– For oss som fiskarar er det største problemet dei kjempelange ankerfesta som blir brukta der. Det ser vi på med gru, seier han.

Grevsnes meiner dagens oppdrettsanlegg allereie har gjort delar av fjorden vanskelegare å bruke for dei som fiskar der. 

Naturvernforbundet: – For mykje oppdrett

Torgeir Parr Dimmen, lokallagsleiar i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda, meiner at fjorden allereie er overbelasta. 

– Vi meiner at det allereie er for mykje oppdrettsverksemd i fjorden, seier han.

Dimmen peikar på utslepp av fôr og avføring som ei bekymring. Han meiner også at ein må ta omsyn til påverknaden på villfisk, tang og tare og anna liv i fjorden.

Naturvernforbundet er likevel ikkje i mot all form for fiskeoppdrett.

– Viss ein kunne få til oppdrett av all slags fisk i lukka system som ikkje forureinar fjordane, hadde det vore betre, seier Dimmen.

I FRONT: Leiar i Naturvernforbundet Torgeir Parr Dimmen har lenge vore skeptisk til oppdrett i Voldsfjorden.

I eit lukka oppdrettsanlegg har ein god kontroll på vatnet som pumpast inn og ut, slik at ein klarer å halde både lakselus, sjukdommer og anna fisk ute. I tillegg kan ein styre miljøet og temperaturen inne i anlegget.

Han meiner problemet er dei opne merdsystema. 

I et ope system er fisken stengd inne i eit nett som heng frå eit flytande rekkverk på overflata. Sidan veggene består av nett, kan vatnet strøyme heilt fritt mellom innsida av merda og havet utanfor.

Dette gjer fisken meir sårbar for blant ana parasittar, sjukdommar og potensielle rømningar.

Forstår ikkje skepsisen

Edvard Henden i Nordic Halibut forstår ikkje at folk er skeptiske.

– Nei, det skjønner eg ikkje. Men det er kanskje berre min ståstand, seier han og held fram:

– Dersom nokon er skeptiske, kan dei kome hit og sjå.

Powered by Labrador CMS