Meir enn berre bilar
For Emelius (18) starta det med ein moped og eit ønske om å bli kjend med folk. I dag er rånemiljøet i Ørsta blitt ein viktig del av livet hans. Her har han funne vennskap, fellesskap og menneske som stilte opp då ein av dei brått blei borte.
På ein nedlagt bensinstasjon i Ørsta står bilar på rekke og rad. Svake parkeringslys lyser forsiktig opp den slitte asfalten. I bilane kan ein sjå unge gutar med caps, Wunderbaum hengande i fronten og vindauge rulla ned.
– Oj, her var det mange! Visste dei at vi skulle kome? spør eg sjåføren vår.
Emelius (18) køyrer oss gjennom den vanlege råneruta i Ørsta medan klassikaren Russerbart og hue av Vassendgutane spelar frå høgtalarane.
– Nei, eg har ikkje sagt til nokon at de er her, svarar han.
I ein svart Mazda brukar han store delar av fritida si på å råne i Ørsta- og Volda-området. Anten åleine eller saman med kompisar. Men uansett kvar dei køyrer, endar dei ofte opp på den gamle Esso-stasjonen i Ørsta.
Det er her dei møtest og her dei snakkar. Bilane står tett i tett på parkeringsplassen.
Råning blei vegen inn
Emelius Aaberg (18) er oppvaksen i Ålesund og kom til Volda då han var 16 år. Han ville lære om vaksenlivet, samstundes som han ikkje ville gå på skule i heimbyen sin. Det resulterte i at han flytta til Volda for å gå medielinja på vidaregåande skule.
– Eg var heilt ny og kjende ingen. Det einaste eg kjende til var nokre av fotballguttane som eg hadde spelt kamp mot tidlegare.
Men det var på mopeden han skulle møte dei som seinare blei dei næraste vennene hans. I rånemiljøet sklei han rett inn.
– Miljøet her er rimeleg kjekt. Alle har bil og syklar, så det er vår felles interesse. Det er fint å tenkje på korleis eg sklei rett inn i miljøet, seier Emelius.
«Volda er ein sosseplass»
I august tok han førarkortet på bil. Sidan har han køyrt kvar dag og kvar kveld. Framleis møter han vennane sine på den gamle Essoen i Ørsta, og det er ikkje tilfeldig at dei møtest her og ikkje i Volda.
– Om du skal vere skikkeleg ørsting, så seier ein at Volda er ein sosseplass, medan Ørsta er ein råneplass. I Ørsta kan du til og med køyre trillebår til skulen, og det ville vore heilt normalt! seier han.
No anslår han at han køyrer rundt 500 kilometer i veka.
– Eg vil heller køyre bil og snakke enn å springe ute i kulda!
Og han er ikkje åleine om den tanken.
Berre denne kvelden står det rundt 20 bilar på parkeringsplassen. Ungdomane sit i bilane, går mellom dei og slår av ein prat. Nokre har musikken på, andre står ute med dørene opne.
Men ifølgje fleire av rånarane er dei langt fleire enn dei som har møtt opp denne kvelden.
– Vi er iallfall over 100 stykker, kanskje 200 i rånemiljøet her, seier ein av dei.
For mange handlar det dermed om meir enn sjølve bilane. Det handlar om å ha ein plass å møtast, og om menneska som sit i bilen ved sidan av.
Kortesje til minne om kompis
I juni mista Emelius kompisen sin Linus, i ei drukningsulukke. Dei to møttes gjennom rånemiljøet og stod kvarandre nært. Då Linus døydde, blei heile miljøet prega.
– Alle stod nært Linus. Eg var blant dei som køyrte fremst i kortesja. Då var vi både bilar, traktorar og syklar som køyrte saman. Så hadde vi ein fin minnestund borte på Grepa. I rånemiljøet passar vi på kvarandre, understrekar Emelius.
Bilkortesja samla 144 ulike køyretøy og blei ei synleg markering av kor mykje Linus hadde betydd for miljøet.
For Emelius blei det også eit døme på kva rånemiljøet eigentleg kan vere. Eit miljø der vennskap blir knytt gjennom felles interesse, men der folk også stiller opp for kvarandre når noko alvorleg skjer.
Meir enn ein hobby
Ved sida av Mazdaen til Emelius står fleire andre bilar parkert. Iver Saure Øye (19) frå Ørsta ein av dei. Han peikar på eit godt samhald, ein fin sosial plattform og nye moglegheiter for å finne seg fleire likesinna vener.
– Dei du treffer her er som regel vennlege tilbake. Alle kompisane mine er med i rånemiljøet, og i helgene er det ofte litt «sjalabais» som gjer det endå lettare å bli kjend med nye og få fleire kompisar.
For ungdomane på Essoen er kvelden enno ung. For dei er bilen meir enn eit framkomstmiddel. Det er ein hobby, ein interesse og for mange også inngangen til eit sosialt miljø.
SE VIDEO: Dyrere å være råner
DRIVSTOFFPRISENE STOPPER INGEN: Selv om det har blitt dyrere å fylle tanken, lar ikke rånerne i Ørsta det stoppe hobbyen deres.