
Mektig epos
Den andre delen av Denis Villenueve sin adaptasjon av romanen Dune er no ute. Etter suksessen til den første er det mykje å leve opp til.
FILMMELDING: Del 2 byrjar rett der første del slapp. I ei fjern framtid følger vi Paul Atreides, som no har blitt innlemma i ei lita gruppe av dei innfødte "Frimen" på planeten Arrakis, saman med mora si, Jessica. Filmen byr på intrige og spenning i det vi følger Paul i søken om hevn etter drapet på faren i første del.
Gode prestasjonar, godt manus
Spesielt Austin Butler sin framstilling av den psykotiske Feyd-Rautha er så god at ein gløymar at det verkeleg er Elvis-skodespelaren som skjuler seg bak karakteren. For dei som var skuffa over Zendaya si beskjedne rolle i den første filmen, så er det mykje meir å sjå fram til i del to. Ho gjer karakteren Chani si indre konflikt truverdig og levande. Kjemien mellom ho og Timothée Chalamet er god, slik at forholdet mellom Chani og Paul kjennast ekte ut.

Dialogen er svært god, sjølv om indre motivasjoner blant karakterene av og til blir forklart rett ut istadenfor å bli vist gjennom handlinga og det visuelle. Dette er kanskje ikkje til å unngå i ein film med så mange element som denne. Ein blir heller ikkje drunka i oppdikta ord og uttrykk. Istaden viser dei korleis framtidsteknologien fungerer. For dei som har sett første del så er skjolda eit godt eksempel. Ja, det blir forklart i dialog, men forklaringa går naturleg inn i treningsscena visuelt.
Eit audiovisuelt gilde
Ein ørken kan bli nokså monoton. Filmfotograf Greig Fraser har tydeleg lagt mykje arbeid i å variere scenene og utsnitta. Lys brukast på ein god og kreativ måte. For eksempel brukar han tider på døgnet og sola sine faser for å skape variasjon i fargane. Ei action-scene foregår i ei sandstorm, mens ei nattscene blir belyst av månen. På ein spesifikk planet er utandørsscenene filma med eit infraraudt kamera i svartkvitt. Det føles verkeleg som at ein er på ein fjern planet.

Kreativ leik med lys og lyd er med på å skape ei trollbindande stemning. Det visuelle - til dømes spesialeffekter som landskap og romskip - føles enormt ut. Lydsporet av Hans Zimmer er pompøst og bidrar til den storslåtte kjensla.
Zimmer sin musikk varierar frå blant anna futuristiske melodier til gregoriansk song. Både musikken og lyddesignet er med på å gjere planeten Arrakis til ei levande verd.
Bevarer ånda
Om ein har lest boka, kan ein forvente nokre endringar. Det er alt frå små detaljer, til større endringer, som enkelte av motivasjonane til karakterane, og over kor mykje tid handlinga foregår. Likevel er ånda til boka bevart, noko eg tenker er det viktigste når ein skal lage ein filmadaptasjon.
Om du likte første del av Dune frå 2021, så vil du neppe bli skuffa av del to.